Lokal | 07. okt. 2014

Spent på sine eigne

Onsdag presenterar Frp/H-regjeringa sitt første eigne statsbudsjett. Ordførarer Terje Søviknes er spent og håpar på auka vekstkommunetilskot.

Spent på sine eigne
Ordførar Terje Søviknes (Frp) er spent på regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett onsdag 8. oktober (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 07. okt. 2014 16:02

Korleis vil statsbudsjettet bli påvirka av den blå regjeringa. Mange er spente på kva det vil bety i høve skatt og avgifter for både privatpersonar og bedrifter.

– Ja, det blir spennande å sjå det første budsjettet som er laga fra botn av vår regjering.

– Eg forventar og håper på ei betydeleg styrking av skule, omsorg og justissektoren.

– Har du fått nokre inside-tips om kva vi kan venta utover lekkasjen om fylkesvegar som kom i helga?

– Nei, dei held fordømt tett der inne uansett korleis eg har freista fiska, ler ordførar Terje Søviknes (Frp).

Vekstkommunetilskotet

I samband med kommuneproposisjonen som kom i juni varsla regjeringa at vekstkommunar skulle få eit auka tilskot.

– Eg veit det har vore jobba med ulike modellar siden juni, men kva som kjem er eg veldig spent på.

– Vekstkommunetilskotet er utruleg viktig for oss fordi det skal dekka renter og avdrag på dei investeringane vi har gjort og skal gjera i skule- og helsesektoren.

– Eg forventar eit kraftig bidrag frå staten til vår kommuneøkonomi, sier Søviknes.

Har bidrege

Bakgrunnsmaterialet var Søviknes med å gje då han i januar blei innkalla til møte hjå kommunalminister Jan Tore Sanner (H) saman med andre vekstkommunar.

– Der delte vi synspunkta våre om kva som burde gjerast.

– Eg leverte frå meg ei kraftig pakke med dokumentasjon, ikkje berre frå Os, men på vegne av mange kommunar.

– Eg veit den dokumentasjonen har vore nytta i løpet av våren.

Veg-penger?

Den andre hovudsaka Søviknes er spent på er om det ligg pengar til E39 Svegatjørn-Rådal inne i budsjettet.

– Det betyr mykje for totaløkonomien i prosjektet om dei statlege bidraga kjem så tidleg som mogleg.

– Om det ikkje ligg midlar inne no, så er ikkje det eit problem. Det betyr berre at bompengeselskapet må ta opp lån og forskuttera.

– Det får ingenting å si for framdrifta av vegen, forsikrar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.