Politi | 21. des. 2023
Fann pose med kvitt pulver på skuleball
Fleire av ungdomane skal ha framstått som rusa.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. des. 2023 08:30
Onsdag, under eit juleball for ein av ungdomsskulane i kommunen, fekk politiet melding om funn av ein pose med kvitt pulver.
– Fleire av ungdomane skal òg ha framstått som rusa, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Politiet rykte ut til staden.
– Minst éin ungdom blir meldt for bruk og besittelse.
Grunna etterforskinga vil politiet foreløpig ikkje ut med fleire opplysingar.
– Men vi vel å gå ut med noko informasjon, så foresette blir orientert om hendinga og kan følgja opp sine eigne.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.