– Familien kjem først!
Razika utset Utflukt-konserten på Peppes grunna sjukdom i familien. – Det har vi full forståing for, familien er tross alt det viktigaste, seier Kjetil Osablod Grønvigh.
Dei populære jentene i Razika som tok Søfteland Rock 'N LoL med storm i 2011 skulle etter planen spela intimkonsert på Peppes sundag 14. april. Konserten var ein av sju på Utflukt-turneen, som på Os blir arrangert i samarbeid med Os Rockeklubb og Søfteland Rock 'N LoL.
– Desse konsertane blir no utsett til hausten, fortel bandet sin manager Mikael Telle.
Årsaka er drukningsulykka Yngve Moe, kjend frå mellom anna Dans With a Stranger og som bandkollega av Magne Lunde. Moe er far Marie, ei av jentene i Razika.
– Eg er heilt knust, fortalde Magne Lunde til Midtsiden då uhellet blei kjend.
Dei siste rapportane frå Tenerife kor ulykka skjedde er at situasjonen ikkje lenger er kritisk, men stabil i følgje BT.no.
– Tenkjer på dei
Rockegeneral Kjetil Osablod Grønvigh har full forståing for at bandet vel å utsetja turneen.
– Det skulle berre mangle. Sjølv om vi i bandbransjen freister å strekke og langt og ikkje avlysa gigs, så kjem familien først.
– Vi har full forståing for at konserten no blir utsett, og sender heller varme tankar til Marie og dei andre i familien til Yngve.
Kjem tilbake
Når konserten blir veit ikkje Grønvigh enno.
– Meldinga frå managementet er at turneen blir satt oppatt i august/september.
– Tid og stad her på Os får vi komma tilbake til når vi veit meir, avsluttar Grønvigh som kryssar fingrane for at det går bra med Yngve Moe.