– Eg er heilt knust
Magne Lunde sin bandkamerat Yngve Moe ligg i koma etter ei badeulykke på Tenerife. Yngve er far til Marie i Razika, som skal spela i Os søndag.
Fredag fortalte BT at nordmannen som hamna i koma etter ei badeulykke på Tenerife før helga er bassisten Yngve Moe.
Moe, som blant anna har lang fartstid med Dance With A Stranger, speler i bandet MMY med den kjente trommeslagaren Magne Lunde frå Os.
– Via felles venar får eg oppdatert informasjon om korleis det går med han og vi håper naturlegvis alle at det går bra. Eg er heilt knust, seier Magne.
Moe skal ha vore på symjetur og blitt tatt av undervannsstraumar. Kona varsla og hjelp kom til.
Sist Magne høyrte frå Tenerife låg Moe i kunstig koma og tilstanden var kritisk og stabil.
Yngve er ifølgje BT far til Marie i Razika, som skal spela på Peppes på Os førstkomande søndag.