Færingen er konkurs
Nordhordland tingrett har opna konkurs i buet til Færingen Restaurant AS. Eigarane seier det kan bli aktuelt å retta sivilt søksmål mot Oseana.
I januar kom det fram at Oseana før jul sa opp avtalen med Færingen Restaurant AS.
Les òg: Færingen ut av Oseana
Oseana har vurdert å driva serveringa vidare sjølv, men er ifølgje styreleiar, ordførar Terje Søviknes, i sluttforhandlinger med mogleg ny samarbeidspart.
– Eg kan ikkje seia meir om saka i dag, anna enn at vi truleg får avgjerd før påske og at vi vil i drift igjen i siste halvdel av april, seier Søviknes.
Konkursopning 5. mars
Tysdag denne veka blei det i Nordhordland tingrett opna konkurs i buet til Færingen Restauranter AS.
Det er skatteoppkrevjaren i Os som slår Færingen konkurs.
Krav i buet må meldast til advokat Kaj Wigum innan 10. april.
Kan bli aktuelt med søksmål
– Då vi ikkje fekk driva lenger i Oseana forsvann også sjansen til å gjera opp for seg. Vi skuldar også Oseana pengar, seier medeigar og dagleg leiar, Bjørn Mogenstad.
– Men dette hindrar oss ikkje i å gå til sivilt søksmål mot Oseana, seier Mogenstad.
Han meiner Oseana på fleire måtar har hindra Færingen i å tena pengar.
– Saka vil nok bli følgt opp. Den ligg hos advokat no, så får vi sjå.
Det er Smakverket Gruppen AS som eig Færingen Restauranter. Smakverket Gruppen AS er delvis eigd av Smakverket AS, eit selskap Sverre Angus Hugøy og Olav Hoaas Wøllo Egeberg eig 50 prosent kvar av.
Mogenstad, Bjarne Skjensvold og Steffen Færø er også med på eigarsida av Smakverket Gruppen AS.