Etterlyser vitner
Mannen som blei gripen natt til 17. mai er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Politiet etterlyser vitner til valdsepisode ved Amfi Os fredag 10. mai.
Torsdag 16. mai blei ein 34 år gamal mann funnen død i husværet sitt i Fana. Berre timar seinere greip politiet ein mann busett på Os for vald, mot den no avdøydde.
– Han er ikkje sikta for drap, men for vald, fortalte politet 17. mai.
Laurdag blei mannen framstilt for varetektsfengsling, men no var siktinga utvida til vald med døden til følgje. Etter ei tre timars vurdering hadde dommaren bestemt at mannen kunne varetektsfengslast i fire veker med brev- og besøksforbod.
Krangla og sloss
Episodane politiet trur er årsaka til skadene den no 34 år gamle mannen døydde av kjem frå krangel og vald mellom den no tiltalte og den avdøydde fredag 10. mai.
Litt før klokka 20 blei politiet tilkalt til ei adresse i nærleiken av Amfi Os for å løysa opp i slostinga.
– To menn som kjenner kvarandre frå før har hamna i konflikt, fortalte politibetjent Rune Fimreite til Midtsiden då.
Etter at politiet skilte dei to, skal dei ha braka saman igjen utanfor senteret. Det er observasjonar frå denne slosskampen politiadvokat Liv Giertsen etterlyser vitner til.
Politiet kan du nå på 02800.