ESA: Forbodet er ulovleg
Har opna sak: Noreg sitt forbod mot vassjet er ulovleg, skriv ESA i brev til norske styresmakter.
EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, har ifølgje VG.no i dag sendt brev til norske styresmakter der dei er tydelege på at det norske forbodet bryt med EØS-avtalen sine reglar om fri bevegelse av varer.
Det er VG.no som skriv dette i dag.
Dette er heilt i tråd med det vassjet-kjørarar, forhandlarar og andre motstandarane av dei norske reglane har sagt vil skje:
• – Vassjet blir lovleg!
• – Forbodet vil synka som ein stein
ESA har fleire innvendingar mot dei norske reglane, blant anna at dei er lite konsekvente.
- Bruk av vassjet er forbode der det er lov med fritidsbåtar med motor.
Noreg har no to månadar på seg å svara på opningsbrevet, som er første steg i ein "traktatbruddprosedyre". Om det ikkje kjem ei løysing kan neste steg bli at Noreg blir tatt inn for EFTA-domstolen.