Lokal | 21. sep. 2012

– Forbodet vil synka som ein stein

Miljødepartementet er utan argument i vassjet-forbodet. Professor i sjørett, Hugo Tiberg, trur det norske forbodet vil synka som ein stein når det kjem opp i ein EU-domstol.

– Forbodet vil synka som ein stein
Vassjetkjøring utanfor Os hamn blir framleis bøtelagt. Men det kan det bli slutt på. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. sep. 2012 15:28

I august skreiv vi om Carl Jacob Johansen sin kamp mot vassjet-forbodet, og om argumenta hans for at vassjet skal behandlast på lik linje med båtar.

Les òg: Vassjet blir lovleg

Regjeringa har brukt Miljøverndepartementet til å laga ny forskrift som frå 1. juli i år førte til massiv bøtelegging av vassjet-kjørarar.

Utan gode argument

– Ved å argumentera ut frå miljøomsyn meiner vi dette er forsvarleg ovanfor EØS-reglane. Vi trur vassjet ofte er i miljøkonflikt, derfor vel vi å ha dette forbodet, seier statssekretær i MD, Henriette Westrhin (SV) til TV2.

Men Miljødepartementet har ikkje undersøkt og kan ikkje dokumentera at vassjet er meir forureinande enn båt.

– Forureinar mykje mindre

Professor i sjørett, Hugo Tiberg ved Universitetet i Stockholm, tok det svenske forbodet inn for EU og forbodet blei underkjent.

– Det er gjort undersøkingar i Finland og dei viser at vassjet forureinar mykje mindre enn båt, seier Tibert til TV2.

Han er klar på at han trur at det norske forbodet vi synka som ei stein når det kjem opp i EU.

HER KAN DU SJÅ TV2-INNSLAGET

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.