Er det håp om tryggare veg?
Utbygging og auka trafikk på fylkesveg utan fortau fører til fleire reaksjonar i Øyane. No går fleire i krinsen saman og ber om strakstiltak.
Ytste del av Røtingavegen (FV 158) er utan fortau, trass i auka utbygging, endeplass for buss og bygging av barnehage.
Då det i september var byggestart på infrastruktur til eit tomtefelt ytst på Røtinga i september, eit felt med 20 nye bustadtomter, blei det mykje tungtrafikk på vegen.
Dette førte til at fleire byrja å kjøra ungane til skulen, noko som igjen førte til auka trafikk.
Kva skjedde? spør Astrid Dale, som fortalte om situasjonen i eit lesarinnlegg på Midtsiden.no før helga, der ho reagerer på at utbyggar fekk starta utan at det kom rekkefølgekrav om fortau.
Midtsiden har snakka med utbyggar, politikarar, barnehage og foreldreutvalet ved skulen.
– Krav om fortau ville ha stoppa prosjektet
Det er Nils Røttingen og Knut Røttingen som eig området på Torsneset, ved fyret i Øyane, der det for eit lite år sidan blei klart at det kan seljast 20 bustadtomter.
– Det blei godt mottatt og vi har selt 12 av 20 tomter, nok til at vi kom i gang med bygging av infrastruktur.
– Vi har nesten ikkje annonsert og det er kontinuerleg interesse for området. Eg trur nok ikkje vi kjem til å marknadsføra noko meir før vi har kome lengre i prosessen.
Nils har lest innlegget frå Astrid og er einig i at det helst burde vore fortau langs fylkesvegen.
– Men det er eit stykke veg der det er praktisk vanskeleg å bygga fortau, med ein verna gamal potetkjellar og fleire private grunneigarar med eigedom som kunne blitt problematisk å bygga fortau på.
– Hadde det kome krav om fortau ville det nok aldri blitt noko av prosjektet vårt.
Forskjellsbehandling
Midt på 2000-talet blei eit tilsvarande stort bustadfelt bygd ut på naboneset på Røttingen, Henry Røttingen sitt felt med 34 tomter på Sundøytangen.
Vegen ut til området, der det frå før var fleire hus, er privat, og i reguleringsplanen låg det rekkefølgekrav om fortau.
– Eg bygde over 500 meter fortau, reiv 5 gatelys og sette opp 9 nye, fortel Røttingen.
Frå før betalte kommunen straumutgiftene på dei fem stolpane, men dei nekta først for å betala gatelys på ni stolpar, og skuleungar måtte gå i mørket tre vintrar på rad før kampen var over og Os kommune tok på seg drifta av gatelysa på den private vegen.
– Det var ikkje problem å bygga fortau og alle er nok glade for dette i dag. Men fleire reagerer på at det blir stilt strenge krav på privat veg, mens fylkesvegen forbi barnehagen blir ståande utan fortau, til og med når 20 nye hus skal byggast.
– Dei kunne i det minste gjort enkle tiltak, som å bygga fartsdumpar og redusera fartsgrensa frå 50 til 40 km/t. Med redusert fartsgrense ville det dessutan blitt enklare for andre privatpersonar, for med dagens 50-grense er det strenge krav til siktlinjer og anna når det kjem til innkjørsel på fylkesvegen.
Var det ingen som reagerte?
Leiar for plan- og bygningsutvalet, Ståle Skaatun (H), kan ikkje hugsa at fortau og rekkefølgjekrav var oppe då reguleringsplanen for Torsneset blei behandla. Andre ting, som strandsone og tilkomst til feltet, blei diskutert over fleire rundar, men trafikktryggleik hadde mindre fokus.
– Både privatpersonar, barnehage og vi i foreldreutvalet ved skulen har kome med innspel til trafikksikringsplanen i Os kommune. Dette var allereie før utbygginga på Torsneset starta, vegen hadde allereie høg trafikk og blir sett på som utrygg skuleveg, fortel leiar av FAU, Rebecca Lerch Dahl.
Dei har ikkje blitt høyrd og tiltak langs vegen er rangert som 3. prioritet samla sett i kommunen.
Eirik André Hesthammar (Frp), som sit i tenesteutvalet og er representant i KFU (det kommunale foreldreutvalet, som har jobba med trafikksikringsplanen), bur sjølv vis a vis barnehagen, og har tre ungar.
– På den eine sida er eg glad for at vi framleis kan ha utbygging i Øyane, at det blir gjort plass til fleire i denne attraktive krinsen. På den andre sida ser eg at vi absolutt burde hatt fortau, eller i det minste nokre tiltak som hadde gjort vegen tryggare. Prosessen med å få fortau på fylkesveg er lang og tung, men vi burde fått til nokre andre tiltak.
Han deltok i gå til skulen-kampanjen før påske, men innrømmer at han sjølv kjører ungane til skulen. Det starta han rett nok med før utbygginga byrja, og ungane går heim igjen sjølv.
– Eg har tillit til at lastebilsjåførane er sitt ansvar bevisst. Brødrene Borgen Ferdigbetong er leigd inn av entreprenørane Vestafjell, og Kristian Borgen bur sjølv i området og kjenner situasjonen godt.
Ulike utfordringar for skule og barnehage
Ordførar Terje Søviknes fortel at det neppe kan bli aktuelt å kjempa om midlar til dette vegstykket.
– Førsteprioritet på fylkesveg no er å få siste del av finansieringa av Grindevoll-Lepsøy på plass. Etter dette kjem Hatvikvegen. Folket i Øyane må nok stå i det.
Styrar i Søre Øyane Grendelag Naturbarnehage, Kjersti Ellingsen, fortel at barnehagen har valt nye terreng for utflukter og unngår så langt det let seg gjera å gå langs Røtingavegen.
– Allereie før utbygginga starta så var det høg trafikk. Enkelte bilførarar reduserer heller ikkje farten når dei kjører forbi ei gruppe små ungar, dei er faktisk villige til å ta den risikoen, å satsa på at ikkje ein unge plutseleg tar eit lite steg ut i vegen.
Ellingsen seier ho hadde sett stor pris på om det kom nokre tiltak, om det så var midlertidige løysinger, for å få ned farten på vegen.
Ved Søre Øyane Barneskule har det kome fartsdumpar, etter ein lang kamp. Der har dei no andre utfordringar.
– Parkeringsplassen ved skulen er allereie for liten. Når fleire no kjører ungane til skulen blir presset enormt. Vi fryktar at det skal skje ulykker ved skulen når så mange bilar skal stoppa, levera og snu, mens små ungar går mellom bilane, seier Lerch Dahl.
– Vi har møte i morgon og jobbar med å få barnehage og skule saman med FAU om å koma med ei uttale til Os kommune der vi ber om strakstiltak.
– Utbygginga kjem til å gje auka tungtrafikk i fleire år, og auka trafikk på fylkesvegen etterpå, når det har kome 20 nye hus. Og behovet for trafikktiltak var der allereie før utbygginga byrja.