20 tomter ut mot fjorden
Etter 10 år med planlegging og søking ser det ut til snart å vera klart for sal av tomter ved Fyr'n i Øyane.
To grunneigarar av Torsneset, ytst på Røttingen, håper det nærmar seg endeleg godkjenning og salsstart av tomtene ut mot fyrlykta og Bjørnafjorden.
– Det har vore ein veldig langdryg prosess. Vi er mange som har venta lenge på å realisera desse tomtene, og vi har opplevd både oppturar og nedturar i denne perioden, seier Nils Røttingen.
Saman med Knut Røttingen vil han selja 20 tomter, nær fjorden, fyrlykta og badevika Humrahola heilt vest på Røttingen.
– Nydeleg terreng
Området ligg sør og vestvendt på utsida av ytste snuplassen på Røtingavegen, nær barnehage, svært nær busshaldeplass og med Pilabruo, starten på turvegen til Kobbavågen, som nærmaste nabo.
Med Vestevågen og Skitnevågen på kvar si side strekk Torsneset seg ut mot Bjørnafjorden og utsikt mot Reksteren, Langenuen og Austevoll.
– Det er eit nydeleg terreng, også for turgåarar, og ytste del mot fyret blir framleis LNF-område.
Barnehagen i Øyane har stor glede av området, og har bygd både grillhytte og ein liten leir i skogen.
– Grillhytta skal få stå medan leiren skal flyttast litt lengre ut mot fyret. Det kjem til å bli god tilkomst til både fyret og Humrahola når vi er ferdige.
Starta i 2002
Nils og Knut har vakse opp på Røttingen og arva terrenget som opprinneleg var LNF-område.
– I 2002 spurde den eine dottera mi om å få ei tomt i området, men det blei blank avvist hos fylkesmannen. Os kommune tipsa meg om å laga ein reguleringplas for heile området, og det gjorde eg, saman med eigar av den andre delen av neset, Knut.
Planen gjekk fram og tilbake lokalt frå 2003 til han i 2005 var inne til førstegongsbehandling i kommunestyret.
Fylket hadde motsegn, både i 2005 og då planen var inne til andregongsbehanding i 2006. Hovudankepunktet var at området var regulert til LNF.
Valte å venta – i 6 år
– Då hadde vi valet, klaga til miljøverndepartementet eller venta til Os kommune var ferdig med rulleringa av kommuneplanen.
Dei valte å venta. I 6 år. Ein dryg månad før planen i juni 2012 var godkjent, låg prosjektet framleis ikkje som gult på kartet.
– Eg hadde gjeve opp, men Nils fekk i stand eit møte med Søviknes, fortel Knut.
I møtet skal ordføraren ha beklaga at dette feltet hadde hamna utanfor planen, det hadde gått han hus forbi.
– Under sluttforhandlingane med fylkesmannen fekk han det inn igjen i kommuneplanen, det skal han ha ros for, seier Nils og Knut.
Klage avvist
I juni i år blei reguleringsplanen godkjent. For to veker sidan blei klager på reguleringsplanen, frå nabo, avvist av plan- og bygningsutvalet.
"Plan- og bygningsutvalet ser ikkje at klagene inneheld nye moment og finn ingen grunn til å endre kommunestyret sitt vedtak i sak 045/13, møtedato 18.06.2013, på godkjenning av reguleringsplan for Torsneset, del av 29/1 og 34, Røttingen. "
Klage frå nabo blei sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.
– No håper vi at vi snart kjem i gang. Dottera mi kunne ikkje venta lenger, og har funne tomt ein annan stad. Men vi har rundt 10 interessentar på blokka, fleire av dei ringer oss med jamne mellomrom og spør om vi snart er klare, seier Nils Røttingen.