– Er bra i rute!
7 av dei siste 12 vekene har han vore på samling, med opptil 30 timar trening i veka. Sverre Lunde Pedersen er i rute før vinterens store mål; OL i Sochi.
Midtsiden møter skeisetalentet på brygga ved Banktjørn, berre eit steinkast frå heimen i Idrettsvegen. Sverre er heimom på ein kort visitt mellom ei veke istrening i Inzell og to veker på isen i Vikingskipet på Hamar.
– Det har vel blitt sju veker på samling etter at vi starta oppkøyringa i starten på mai, fortel Sverre etter å ha tenkt seg litt opp.
Tour de France på nært hald
Sju av dei 12 siste veken har han altså tilbrakt saman med kameratane på landslaget, kor av tre av dei på høgdesamling i Font Romeu, i dei franske pyrineene, kor dei òg fekk med seg ei etappe av Tour de France.
– Det var gøy å sjå Tour de France-sirkuset på nært hald.
– Sjølv om det blir mykje trening i sommar, så får vi med oss anna idrett òg. Det går ikkje berre i skeiser, ler den sympatiske ungguten.
– Blir vant til det
På samlinga i Frankrike låg han, og dei andre, på omlag 30 timer trening i veka, to økter for dagen.
– Det blir ikkje så mykje anna enn trening, eting og kvile.
– Du blir ikkje lei då og heller ville nytta tida saman med kompisane her på Os?
– Nei, du blir jo vant til det. Eg får ikkje denne moglegheiten igjen, så eg må bruke den godt.
– Det er klart det var litt kjedeleg at eg ikkje fekk med meg Rock n´LOL i år, men eg får trøsta meg med at eg har fått med meg det dei tidligare åra.
– Dessutan prøvar eg å vera med familie og vener når eg først er heimom ein tur, fortel Sverre som strauk rett i Ervikane på badetur med kompisar då han kom frå Inzell-samlinga tysdag formiddag.
– Ein må jo nytta finvêret, smiler han.
Tok store steg
Vi ber ungguten, som fylte 21 i førre veke, oppsummera sesongen i fjor og vurdera den komande OL-sesongen.
– Det blei ein veldig bra sesong frå start til slutt, kor eg tok store steg.
– Eg var jo førsteårs-senior, men blanda meg likevel inn i toppen med dei store, oppsummerer Sverre, og trekk fram 4. plassen både i VM på Hamar og EM i Heerenveen, og at han kom på pallen under to av distansane i EM.
Les òg:
– Fenomenal i dag
– Han må våga å gå fort
– Allereie i fjor sommar og haust skjønte eg at eg var i god form. Du veit eg har Håvard (Bøkko, journ.mrk) som ein god målestokk på korleis eg ligg an.
– Korleis er det å trena saman med Håvard, som er ein av dei andre beste i verda?
– Eg trur det er bra og viktig for oss begge. Det blir ein sunn konkurranse mellom oss på treningene, spesielt på dei harde øktene og på dei øktene som minnar om løp.
– Då pushar vi kvarandre bra, slår han fast.
Vil kjempa om OL-medaljar
Om den komande sesongen fortel Sverre at OL i Sochi naturlegvis er det store målet. Spesielt 1500, 5000 og lagtempoen er distansar han har tru på.
– På dei har eg lyst til å vera med å kjempe om medaljar.
– Kva om det ikkje skjer?
– Då bit eg tenna saman og siktar mot OL i Sør-Korea 2018.
– Eg er framleis ung, og vil nok vera i den skeisemessige ideelle alderen i 2018, men det er ikkje nokon grunn til at eg ikkje skal lukkast allereie no.
– Eg har hatt ein god sommar, vore frisk og skadefri, så eg har trua, smiler talentet.
God ranking viktig
Før OL i februar, skal Sverre gå NM enkelt distansar og fire verdscup-løp.
– Vi startar med verdscupen i Salt Lake City og Calgary i byrjinga på november.
– Det blir viktige løp for å kvalifisera seg til OL og for å skaffa seg ein best mogleg ranking, slik at eg får gå i par med dei beste.
– Ja, kva betyr par-samansettinga?
– Den er viktig. Du blir litt ekstra skjerpa og klarar å tyne ut det lille ekstra når du går i jamne par eller mot dei beste.
– Går du mot nokon som i utgangspunktet er mykje dårlegare enn deg, så er det vanskeleg å få den ekstra pesen, forklarar skeiseløparen.
– Tren allsidig?
Vinteren 2012/13 låg det is i lange perioder på vatna i Os, mellomanna Banktjørna kor Midtsiden møtte Sverre tysdag ettermiddag.
– Kva vil du seie til alle dei som koste seg på isen i fjor vinter, og som har lyst til å bli den nye Sverre Lunde Pedersen om nokre år?
– Ha det artig på isen og kos dykk.
– Vær i aktivitet, det treng ikkje vera på skeiser, men like gjerne på ski, med fotball, handball eller andre idrettar.
– På landslaget er vi så heldige at vi kan trena mykje variert, med fjellturar, sykling, rulleskøyter, løping og styrke.
– Det trur eg er viktig i høve til å halde seg skadefri og det trur eg er viktig for at ein ikkje skal gå lei.
– Vær allsidig i starten, så kan ein heller kjøpa seg lengdeløpsskeiser og bli med på skeiseskulen til Fana IL når ein blir litt større, er rådet frå OL-håpet Sverre Lunde Pedersen.