- Fenomenal i dag
Sverre Lunde Pedersen gjekk sesongbeste på 500 meter og ein enorm 5000 meter med pallplassering.
EM i skeiser går i helga i Heerenveen. Osingen Sverre Lunde Pedersen er inne i sin første sesong som senior og leverar varene.
På 500 meter fredag ettermiddag leverer Sverre sesongbeste med tida 36.89 i par med russiske Denis Yuskov og endar på niande plass.
- Eg kunne ønska meg eit par tidelar betre, men dette er bra, slo NRK sin ekspertkommentator Even Vetten fast.
- Han er fenomenal
På 5000 meteren fredag kveld gjekk Sverre i par med den nederlandske stjerna Jan Blokhuijsen.
"Alle" venta at Blokhuijsen skulle ta paret enkelt, men unguten frå Os ville det annerleis.
Sverre leverte rundetider på +/- 30 sekunder for kvar 400 meter og heldt godt følgje med den nederlandske stjerna.
- Han er fenomenal i dag, kommenterte Ove Eriksen på NRK om Sverre.
Leier på Håvard Bøkko
Med tida 6.19.07 gjekk Sverre inn på 3. plass bak nederlenderane Sven Kramer og Jan Blokhuijsen.
Før 1500 meteren laurdagen ligg ungguten frå Os 0,47 sekund før Håvard Bøkko på 1500 meter.
- Sverre gjekk fantastisk og er den store positive overraskinga når Håvard svikter litt, slo NRK-kommentatorane fast.
EM held fram med 1500 meter laurdag og 10.000 meter sundag.