Enorm triathlon-auke
Sundag går det sjette Os Triathlon av stabelen i og rundt Ulvenvatnet. – Mosjonistklassa er heilt full, men framleis er det plass for ungane, fortel Stig Tuastad.
Sjølv omtalar arrangørane triathlonet som "Vestlandets vakraste mini-triathlon". Distansane er 750 meter symjing, 20 km sykling og 5 km løping.
– Dei aller fleste løpa er ikkje så ekstreme som vi ser frå Norseman på TV, men passar for alle. Ein treng ikkje vera supermann for å driva triathlon, fortel Stig Tuastad frå Bergen Triathlon Klubb.
Symjinga går føre seg i Ulvenvatnet. Dei 20 kilometrane på sykkel er frå Sigurdsvikjo til parkeringsplassen på Nordstrøno og tilbake. Løpinga gjer utøvarane langs Ulvenvegen.
Fullbooka mosjonsklasse
Triathlonet med utgangspunkt i Sigurdsvikjo er både avslutning på Noregscupen, kor eliten kjem til Os for å gjera opp om tittelen.
– Kristian Blummenfelt, som vann på Os i fjor, er diverre oppteken med EM.
– Samstundes gjer det at det er helt opent om kven som vinn Noregscupen i år, fortel Tuastad.
I mosjonsklassa er det påmeldt 104 til starten klokka 12.
– Fleire har vi ikkje plass til. Området begrensar kor mange syklar vi klarar å ha stativ til.
– Triathlonarrangørar over heile Noreg har opplevd ein heilt ekstrem vekst av deltakarar dei siste åra.
– Eg trur mykje av veksten kjem frå at folk har oppdaga at det er ein god mosjonsidrett, kor ein får variert trening.
– I tillegg har symjeklubbane vore flinke til å arrangera crawle-kurs for vaksne dei seinaste åra, noko som nok gjer at barrieren for symjinga i triathlon har blitt mindre, seier arrangøren.
Tre klassar for born
I tillegg til dei vaksne klassane freistar arrangørane med ikkje mindre enn tre klassar for barn.
– I dei er det påmelding ved oppmøte. Vi oppmodar folk til å vera tidleg ute.
– Dei tre klassane er for born over 11 år, mellom 6 og 11 år og under 6 år.
– For born opp til 11 år er det ønskeleg å ha med ein vaksen ledsagar, fortel Tuastad.
Distansane for ungene er:
Over 11 år: 100 m symjing, 4 km sykling, 2 km løping
6-11 år: 25 m symjing, 2 km sykling, 1 km løping
under 6 år: 10 m symjing, 1 km sykling, 0,5 km løping (valfrie distansar)
– Det er berre å ta turen til Sigurdsvikjo og roklubben sine lokaler på sundag, avsluttar Tuastad.