Ekstremt av Sigurd Beldo
3,8 km symjing, 180 km på sykkel og maraton til Gaustadtoppen: Jernmannen Sigurd Beldo debuterte i triatlon og kom på 14. plass i Norseman.
Isklar Norseman Xtreme Triathlon, som av mange blir sett på som verdas hardaste triatlon på Ironman-distanse, blei i år arrangert for 11. år på rad.
På startstreken sto blant anna Sigurd Beldo, osingen som blant anna debuterte på 3. plass og tok 2. plass året etter i 70 mil lange Offroad Finnmark.
– Sigurd er god på offroadsykkel, men har berre eitt maraton bak seg, og det var no i sommar, seier stefar Hans Bøthun.
• Rundt 230 deltakarar stilte til start og Sigurd kom i mål frå den 3,8 kilometer lange symjedistansen på 39. plass.
• Så sykla han frå Eidfjord over Hardangervidda mot Geilo og vidare til Austbygde ved Tinnsjøen, 180 kilometer, og sykla seg opp til 15. plass.
• Så venta ein full maraton, 42,2 kilometer, dei første 25 km med ganske flat løype, dei neste drygt 17 km med bratt løype opp mot Gaustadtoppen på 1883 moh.
– Sigurd mista nok nokre plassar i starten, der løypa var flat, men tok igjen mykje då det byrja å bli bratt.
Det var obligatorisk å ha følgje den siste delen av den bratte innspurten, og Sigurd hadde med seg broren Gunnar Bøthun til topps.
Sigurd kom i mål som nummer 16 på tida 12:56:02.
Med to kvinner framfor seg blei det 14. plass i herreklassen på jernmannen som vaks opp i Os, men som no bur og jobbar i heimbygda til faren, Alta.
Markus Stierli vann på tida 11:25:16, Inger Liv Bjerkreim Nilsen blei raskaste kvinne på tida 12:43:14.