– Enkelte sender over 100 sms-ar
Eirik skal tvista Kate Bush i kveld. Bandet KingCalling øver hardt utan vokalisten. Kompis sendte 800 (!) stemmer på éin kveld!
Osingen Eirik Søfteland (24) er vidare etter to finalerundar i TV2-programmet Idol, og er etter førre fredag blant dei 8 som er vidare til kveldens runde.
Rockaren frå Os var av bookmakarar først tippa å vera den første som skulle ryka ut, men har framleis ikkje vore blant dei tre som har fått færrast stemmer.
Speleselskapet Betsson trur Martine Rygvold eller Georg Lipai ryker ut i kveld, og har Eirik på delt 3. plass med Steffen Jakobsen med 5,5 i odds på å vinna Idol.
Frå Elton John til Kate Bush
Førre fredag fekk Eirik ståande applaus av dommarane etter at han hadde spelt og sunge Elton John-låta "Don't let the sun go down on me".
Les òg: – Eirik er Elton vår!
Og viss du trudde Eirik skulle trø til med hardare kost i kveld, så tar du feil.
– Eg skal synga "Wuthering Heights" av Kate Bush, fortel Eirik til Midtsiden.no.
– Temaet denne fredagen er "twist a song", gjer din eigen vri på ei kjent låt. "Wuthering Heights" er ei klassisk god låt med bra melodilinje og har stort potensiale når det kjem til å bli rocka opp, meiner Søfteland.
Ser du original-låta på YouTube er det kanskje ikkje vanskeleg å sjå føre seg at Eirik skal ta 'an heilt ut i kveld!
"Kvifor er ikkje du vokalist"
Før Eirik blei Idol-finalist var han aktiv med tre band, som trommis for The Beauty, keyboardist for The Temple Sleep og vokalist i det Os-baserte rockebandet KingCalling.
– Allereie første gong eg møtte Eirik, eg trur det var medan vi gjekk på gymnaset, så spurde eg han kvifor han ikkje var vokalist, seier Espen Austestad.
KingCalling sa sjølv at dei gjorde eit varp då dei fekk den dyktige gitaristen Austestad med i bandet.
– Eirik er god på trommer, og kan spela fleire andre instrument, men eg høyrde med ein gong at han har mykje å koma med framfor mikrofonen, fortel Espen.
Held bandet i vigør
Medan Eirik er opptatt i Idol øver KingCalling vidare som før, om ikkje endå hardare.
– Med den merksemda han får, og vi som band, som fekk video-produksjonen vår vist på VG Nett, må vi passa på at vi held følgje med han, seier Kjetil Osablod Grønvigh.
– Det passa dessutan godt med litt tid for oss sjølv, sidan eg er ny i bandet, så eg får spelt meg skikkeleg inn igjen, legg han til.
Den erfarne trommespelaren Grønvigh overtok i januar plassen til Giuliiano Antonio LoMonaco.
Album og spelejobb på vent
I oktober i fjor gav KingCalling ut debut-EP-en. Det var snakk om album i løpet av 2013.
– Vi treng nok litt meir tid, men det blir nok full fart igjen med både konsertar og låtproduksjon når Eirik er tilbake, seier gitarist Morten Torkildsen.
Det er Morten og Eirik som skriv dei fleste tekstane. Heile bandet er med på å laga musikken.
– Vi skulle vore i Haugesund og varma opp for det som kanskje er Noregs beste vokalist, Jorn Lande, i morgon. Eirik hadde fått perm frå TV2, men grunna alvorleg sjukdom i familien til eit anna bandmedlem måtte vi stå over, fortel bassist Leif Herland.
– Eirik kan vinna
Det skal ha vore musikarkamerat og tidlegare bassist-vikar i KingCalling, Olav Skorpen, som fekk Eirik til å melda seg på Idol.
– Vi er berre glad for at han meldte seg på og stolt over den figuren han gjer. Ikkje berre gjer han det bra, han er tru mot seg sjølv.
– Eirik er ikkje som mange unge, ferske vokalistar, som blir forma av Idol. Eirik er så sterk at det er han som formar Idol, ikkje motsett.
Bandmedlemmane fortel om brei støtte til Eirik, ikkje berre av sambygdingar i Os, men i rockemiljøet i Bergen og resten av Noreg.
– Folk som aldri har sett på Idol før sit no og stemmer kvar fredag. Eirik appellerer til mange! Og enkelte er jo heilt ville med mobilen, inkludert oss i bandet.
– Eg veit om folk som seier dei har sendt 800 sms-ar på éin Idol-kveld.
– Men det er viktig å halda dampen oppe. Mange hadde sett på Ola, som rauk ut førre fredag, som favoritt. Eirik kjem ikkje vidare utan at vi deltar kvar einaste fredag, presiserer Espen Austestad.