– Eirik er "Elton" vår
Vidare til tredje finalerunde: Eirik Søfteland fekk rikeleg med ros då han song og spelte Elton John-ballade i kveldens finalerunde i Idol.
Idol-Eirik susar vidare i finalerundane i Idol. I kveld viste han ei anna side av seg sjølv - og alle likte det.
– Eg synest det var tøffast då han song med bar overkropp, seier Fartein Rimstad, og siktar til "Come together" i semifinalen.
Fartein og søstera Edel var blant dei som fylte sportsbaren på Bowling1 i kveld, der det var Idol-vake, som blei vist direkte på TV2 etter Eirik sin maktdemonstrasjon ved pianoet.
Medan Fartein likte Eirik best i semifinalen - var dommarpanelet under kveldens andre finalerunde heilfrelst i kveldens framføring.
Juryen gav Eirik ståande applaus under siste del av «Don't let the sun go down on me» (Elton John) og gav han skamros etterpå.
Også på vaken i Os var det stor stemning og spontanapplaus midt i låta.
Eirik var heller ikkje i kveld blant dei tre som var i fare for å ryka ut - han gjekk galant vidare til tredje finalerunde.
Han er nok nøgd med resultatet, men ikkje med at han overraskande mista romkameraten sin i Idol-huset - Ola Weel Skram rauk nemleg ut. Han var blant dei usikre saman med Sverre og Martine.
Dette sa dommarane om Eirik sin prestasjon i kveld:
Dansken:
Du må spise små gitargutter til frokost! Vokalmessig var du ikke helt trygg i starten, men man glemmer det, for totalpakken er helt magisk.
Tone:
Jeg må bare si tusen takk! Det som er så deilig med deg er at jeg aldri vet hva jeg får. Det du framførte i dag er latterlig digg.
Kurt:
Jeg visste ikke at du kunne spille så bra piano. At du tar av deg rockehatten, dette er et popprogram, viser at du tar utfordringer på strak arm. Det er det beste jeg har sett deg.
Også Gunnar var strålande nøgd med framføringa.