Eit tredje innbrot i Varåsen
Både torsdag og laurdag fekk politiet melding om innbrot i bustadar i Varåsen. Søndag kom ein annan familie i Varåsen heim frå ferie til endevendt hus.
Torsdag fekk politiet melding om innbrot i ein einebustad i Nedre Varåsen.
Eigar hadde vore på ferie og kom heim til eit hus det hadde vore rota mykje i. Sølvtøy var det blant det som er sakna.
Laurdag meldte ein som passar huset for ein slektning om innbrot i deira hus i Varåsen.
Alt var OK då han var innom fredag, men laurdag var ei dør knekt opp og det var rota mykje i huset. Ein pc er blant det som er stole.
Tre innbrot oppdaga på fire dagar
Søndag fekk politiet melding om eit tredje innbrot i Varåsen denne veka.
– Også denne gong var det i Varåsen, også denne gong var det i eit hus som har stått tomt ei veke grunna ferie, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
– Det er rota mykje rundt i huset og det er førebels uvisst kva som er sakna.
Ber om tips
Politiet ber no publikum om hjelp.
– Om det er nokon som har observert trafikk eller personar i området, som dei ikkje har sett i gata før, eller har andre observasjonar, er vi takksame for at dei tar kontakt med oss, seier Sperrevik.
Os lensmannskontor treff du på 56303900.