Nok eit innbrot i Varåsen
Laurdag, to dagar etter at det blei oppdaga innbrot i bustad i Varåsen, kom ny melding om innbrot i same nabolag.
Laurdag i 12.30-tida fekk politiet melding om innbrot i ein busad i Varåsen.
– Dei som bur der er vekkreist og ein slektning ser til huset.
– Fredag var alt OK, men i går kom han til eit ikkje så kjekt syn, seier politibetjent Kjetil Hansen.
Stal PC
Døra i huset var brote opp og det var romstert og rota mykje inne i bustaden.
– Per telefon med huseigar har vi fått informasjon som tyder på at ein pc er stolen. Det er førebels uvisst kva anna som er sakna, seier Hansen.
Andre innbrot på to dagar
Også torsdag blei det oppdaga innbrot og tjuveri frå ein bustad i Varåsen.
Politiet er interessert i tips og opfordrar samtidig folk om å ta sine førehandsreglar når dei reiser på ferie.
I år har det vore unormalt mange bustadinnbrot i Os og dei fleste har blitt utført medan dei som bur der har vore på ferie.