Lokal | 15. mars 2013

Éin på taket - éin med pil og bue

Politiet rykte ut til mann med pil og bue i Prestegardsskogen, brannvesenet måtte hjelpa ein som i natt sto fast på eit hustak i Os sentrum.

Éin på taket - éin med pil og bue
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. mars 2013 09:33

Politiet og brannvesenet i Os var ute på fleire oppdrag torsdag.

På formiddagen sløkte brannvesenet grasbrann i Øyane, på kvelden fekk politiet melding om påkjørt hjort på Ulven.

– I 12-tida fekk vi melding om at det gjekk ein mann rundt i Prestegardsskogen med pil og bue, fortel politibetjent Rune Fimreite.

– Vi rykte ut, men fann ikkje vedkomande. Men vi har fått tips om kven det er.

Kom seg ikkje ned frå taket

Klokka 03.50 natt til fredag fekk brannvesenet melding om mann som sto fast på eit hustak i Os sentrum.

– Han var veldig rusa og kunne knapt gjera greie for kva han heiter, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

– Det er uvisst korleis han kom seg opp på taket, men han har truleg tatt seg opp ei takluke frå innsida. Vi fekk han ned luka.

Mannen skal ha fortalt at han prøvde å koma seg inn i eige husvære, men at han ikkje klarte det. Han blei tatt hand om av helsevesenet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.