Lokal | 14. mars 2013
Måtte avlivast
Ein hjort stakk til skogs etter møte med bil på Ulvensletta torsdag kveld. Den kom ikkje så langt.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. mars 2013 22:04
Torsdag rundt klokka 21.15 blei ein hjort påkjørt på Ulvensletta, nær klubbhuset til Os Aeroklubb.
– Dei som var i bilen, ei kvinne og to unge gutar, såg uskadde ut. Bilen var også kjørbar etter kollisjonen, fortel viltkontakt Espen Andersen.
Hjorten gjekk det verre med.
– Den hadde stukke til skogs, men den blei fort funnen av hunden vi hadde med oss.
Hjorten, ei kolle, var stygt skadd i hofta. Den prøvde å stikka igjen, men ramla i ei skråning og blei så avliva.
Bilførar får ros for å ha merkt plassen der hjorten stakk frå vegen, så hunden fekk starta søket på rett plass.