Lokal | 31. okt. 2018

– Eg og kommunen har eit samfunnsansvar

Mons Tore Lyssand om kvifor han ønskjer at Lyssandfabrikken skal verta nye bustadar.

– Eg og kommunen har eit samfunnsansvar
Mons Tore Lyssand ønskjer å gje Lyssandfabrikken og området rundt nytt liv. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 31. okt. 2018 14:43

Bildeserie:

Slik ser ABO Plan & Arkitektur føre seg at området kan bli. (Ill: ABO)
Slik ser ABO Plan & Arkitektur føre seg at området kan bli. (Ill: ABO)
Ill: ABO
Ill: ABO
Planen legg opp til nybygg i tillegg til den eksisterande bygningsmassa. (Ill: ABO)
Planen legg opp til nybygg i tillegg til den eksisterande bygningsmassa. (Ill: ABO)
Fabrikken er i dag tom. (Foto: KOG)
Fabrikken er i dag tom. (Foto: KOG)
– Eg og kommunen har eit ansvar for framtida, seier Mons Tore Lyssand. (Foto: KOG)
– Eg og kommunen har eit ansvar for framtida, seier Mons Tore Lyssand. (Foto: KOG)
1 av 5

Plan- og bygningsutvalet skal torsdag ta stilling til ein søknad om detaljregulering av Lyssandfabrikken og området Holen.

Det har alllerie vore halde oppstartsmøte for detaljregulering av bygget og delar av området rundt det gamle fabrikkbygget.

ABO Plan & Arkitektur AS er saman med grunneigar Mons Tore Lyssand bak initiativet til ny regulering, ei regulering som inneber endring av næringsbygget til bustadar, saman med bygging av nye bustadar på området.

Ønskjer å rydda opp for framtida

Året etter at Mons Tore Lyssand vart fødd, starta far hans opp bedrifta dei fleste kjenner som Lyssandfabrikken. I nærare 70 år stod bedrifta på Lyssand for ei betydeleg mengde arbeidsplassar og skatteinntekter til kommunen.

– Eg vert ikkje yngre, og eg har eit stort ønskje om at framtida til bygningen og området er avklart før eg takkar for meg. Det er skjemmande slik det står i dag, og det blir verre om ikkje noko blir gjort.

4. juli 2014 var siste produksjonsdag i fabrikken, då Inwido Norway AS som eigde Lyssand Treindustri AS valde å flytta produksjonen til Sverige.

Lyssand fortel at tida har sprunge frå Lyssandfabrikken som næringsbygg i 2018.

– Bygget er ikkje eigna til fabrikklokale eller til handel lenger, seier Lyssand. Med ei industri som krev meir og meir automatisering og store maskiner, samt krav til god logistikk, er ikkje verken bygget eller plasseringa rett lenger.

– Både eg og Os kommune har eit ansvar for å rydda opp etter 70 år med hjørnesteinsbedrift på Lyssand, og allereie står det fleire liknande bedriftsbygningar til forfalls rundt i bygda.

– Eg går ikkje med på at det same skal skje her på Lyssand, og eg tek med denne planen til orde for at det kan verta rydda opp på ein god økonomisk måte.

Bruker 660.000 kroner i året på å halda stengt

Lyssand fortel at han har avventa kommunen sine planar for plassering av ny skule aust om elva, og når den no ser ut til å verta plassert nedanfor Hjelle, valde han å gå vidare med planane om å gje Lyssandfabrikken ny verdi.

– Det kostar drygt 660.000 kroner å i året berre å vedlikahalda bygget utan noko som helst aktivitet i det, seier Lyssand. I tillegg kjem eit reint kapitalavkastningstap på bygget på 2-3 millionar kroner i året.

– Eg ser det som samfunnsøkonomisk dårleg butikk å berre la det stå til nedfalls slik det gjer no. Bygget og området skapar lite verdiar for kommunen og samfunnet om det vert ståande tomt i framtida.

Lyssand fortel at han avventar torsdagens møte i PBU før han tek stilling til saka vidare, men slik han ser det no, er det to moglegheiter vidare;

– Kommunen kan godkjenna søknaden om ny detaljregulering, eller så seier plan- og bygningslova at forslagsstillar kan krevja å få avgjerda lagt fram for kommunestyret for ei endeleg avgjerd.

Meir eigna til bustadar enn industri

Arelaplanleggjar hos ABO Plan & Arkitektur AS, Åshild Blomdal, skriv i søknaden at i tillegg til å nytta eksisterande bygningsmasse til bustadar og parkeringshus, er det ønskjeleg å legga til rette for bygging av bustadar i rekkjehus og mindre blokker nord på planområdet.

Det er i søknaden teke høgde for at ei regulering av området til bustadar følgjer kommuneplanens hovudprinsipp for senterområde og bustadområde, og søkjar legg til grunn at eksisterande bygg i dag står ubrukt.

– Bygget kan nyttast i si høgd, og ein kan konsentrera bustadane oppover slik at ein får utnytta arealet på bakkeplan til uteareal og leikeareal i nær tilknytning til bustadområdet, skriv Blomdal.

– Området ligg inanfor ei sone på 2,5 km gangavstand frå Os sentrum, og dette er innanfor den avstanden kommunen definerer som det naturlege omlandet til til kommunesenteret.

Ikkje i tråd med gjeldande KPA

I si innstilling til plan- og bygningsutvalet skriv administrasjonen at planarbeidet ikkje er i tråd med kommunens gjeldande arealdel eller samfunnsdel.

Administrasjonen legg til grunn det pågåande arbeidet med å rullera kommuneplanen (KPA), kor det skal fastsetjast grenser for sentrumsområdet i regionsenteret Osøyro.

Ein ser føre seg at sentrumsområdet for Osøyro vil ha ei avgrensing på 2-4 kilometer, og at Lyssandfabrikken ligg innanfor dette området.

Administrasjonen rår planutvalet til å avslå søknaden, med heimel i Plan- og bygningloven § 12-8, med følgjande grunngjeving:

– Planinititativet er ikkje i tråd med kommuneplanens arealdel eller samfunnsdel. Spørsmål om endra bruk av arealet frå industri til bustad bør drøftast på eit overordna nivå og då i samband med rulleringa av arealplanen.

– Administrasjonen tilrår på dette grunnlaget at ein ikkje går vidare med planarbeidet for Lyssandfabrikken før sentrumsavgrensinga for regionsenteret er ferdig handsama.

Saka skal opp i PBU torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.