Styret har bestemt seg
Inwido har avgjort framtida for Lyssand-produksjonen – og siste produksjonsdag på Os.
Inwido, som eig Lyssand Treindustri, har i dag informert dei tilsette om at selskapet har tatt det endelege avgjerda om å flytta produksjonen frå Os til Lenhovda/Vetlanda i Sverige.
Det var på eit allmannamøte onsdag 15. januar at dei tilsette først blei informert om planane om flytting av Lyssand-produksjon.
Endeleg vedtak er no fatta av styret i Inwido.
– Gjennom ein god og tett dialog med dei tillitsvalde har vi blitt einige om ein økonomisk og sosial tiltakspakke for dei tilsette som er råka, fortel administrerande direktør, Espen Hoff, i ei pressemelding i dag.
Slutt 4. juli 2014
Produksjonen flyttar gradvis med siste produksjonsdag på Lyssand fredag 4. juli. Det resterande utstyret og inventaret vil bli fjerna i løpet av hausten.
– I den situasjonen vi no står i har det vore viktig for Inwido å samarbeida med dei tillitsvalgde om korleis vi kan bistå dei tilsette vidare.
– Eg er glad for at vi har funne fram til gode løysingar, som mellom anna inneheld hjelp til å finna nytt arbeid, fortel Hoff.
Får etterlønn og garantilønn
Hovudtillitsvald Dagfinn Mjånes seier i pressemeldinga at han er nøgd med avtalen dei har fått til.
– Vi tillitsvalgde har vore opptekne av å få på plass økonomiske og sosiale tiltak for dei tilsette.
– Eg er nøgd med at vi har fått ein avtale som inneheld ordningar knytt til etterlønn og garantilønn.
– Dei tilsette får no hjelp til å finna nytt arbeid. Vi har mange dyktige tilsette som bør vera attraktive for næringslivet i regionen, seier Mjånes.