Dømt for innbrot i bil
Ein osing i 20-åra er dømt til fengsel på vilkår etter innbrot i bil i Byvegen.
Natt til måndag 12. desember i 2011 blei ein bil parkert i Byvegen utsett for innbrot.
I førre veke møtte mannen som blei tatt for innbrotet i Nordhordland tingrett, der han tilsto ugjerninga.
Sikta, ein osing i slutten av 20-åra, var i 2010 dømt for kjøring i rusa tilstand, og for ulike mindre narkotikasaker.
Den gong fekk han 6 månadar fengsel, 5 av dei på vilkår, og 5000 kroner i bot.
Isolert sett skulle nye brotsverk ført til soning av straffa som var på vilkår.
Men sikta har vore rusfri i over eit år og retten ville gje han ein ny sjanse.
For innbrotet i bilen i 2011 blei han dømt til 5 månadar fengsel, også desse på vilkår, og 5000 kroner i bot.