Doktorgradskunst i Oseana
Laurdag opnar årets første utstilling I Griegsamlingen.
Utstillinga «Oppløyste abstraksjonar» på Oseana Kunst- og Kultursenter viser den bergensbaserte kunstnaren Magnhild Øen Nordahl sitt avsluttande doktorgradsarbeid ved Fakultet for Kunst, Musikk og Design ved Universitetet i Bergen.
– Utstillingane av samtidskunst plar normalt å bli vist i Galleri Hvelvet, men denne gongen har vi flytta ein kolleksjon av Griegsamlingen sine nyinnkjøpte verk til Hvelvet, seier kunstfagleg leiar ved Oseana Kunst- og kultursenter, Evelyn Holm.
– Nordahl sine fargesterke skulpturar får da ei storslått visning i det store rommet som til vanleg husar samlinga.
Utstillinga opnar i morgon. Den inkluderer kunstsamtale mellom Randi Grov Berger og Magnhild Øen Nordahl.
Magnhild Øen Nordahl bur og arbeider i Bergen. Ho har sin base på Aldea Center for Contemporary Art, Design and Technology som ho var med å etablere i 2018, og som har produsert fleire av verka i utstillinga.
Øen Nordahl si hovedinteresse som kunstnar er korleis menneske omset fenomena vi opplever gjennom kroppen sitt sanseapparat til abstrakte konsept, og korleis vi bruker desse forenklingane til å lage nye forståingsmodellar og skape nye gjenstandar.
Å kappe opp, blande og sette saman ulike materiale har blitt hennar metode for å løyse opp abstraksjonar og forstå omverda gjennom auger, hender og føter.
3D-modellering
Installasjonen består av fargesterke skulpturar og utstillingsarkitektoniske element som på ulike vis tek i bruk og samstundes undersøker abstraksjon i 3D-modellering. Skulpturserien 'Secret Support' er ei nærstudie av omsetjingar mellom det digitale og ikkje-digitale som finn stad når ei virtuell form blir gjort om til ein fysisk gjenstand.
– Utstillinga aktiverer Oseana sitt store lokale i første etasje som vanlegvis husar Griegsamlinga, seier Holm.
– Prosjektet fortsett til galleriet Entrée, der Øen Nordahl har omgjort den tradisjonelle kvite kuben til ein fleksibel struktur beståande av veggar, hyller, bord og krakkar laga av beisa, malt og laminert poppel og gran.
Det nye interiøret har Nordahl designa for å mellombels omdanne Entrée frå ein kvit kube til eit rom for sosiale og diskursive kunstprosjekt for ein lengre periode.
Hyllene og møblane er laga i et system som kan omorganiserast for å tilretteleggje for workshops, foredrag, bibliotek, og andre former for presentasjonar.