– Dette var ryddig
Ordførar Terje Søviknes (Frp) gir skryt til Fusa-politikarane, som likevel legg intensjonsavtalen fram for kommunestyret.
Fredag morgon hadde styringsgruppa for kommunereforma i Fusa sitt møte kor dei handsama den framforhandla intensjonsavtalen mellom Os, Fusa og Tysnes.
Sjølv om fleirtalet ikkje vil tilrå intensjonsavtala, så beslutta dei likevel å legga den fram for kommunestyret, ikkje å avlysa møtet den 18. mai, slik som ordførar Atle Kvåle (Ap) tok til ordet for onsdag denne veka.
– I dag føler eg det er grunn til å skryta litt av politikarane i Fusa som går tilbake og følgjer den framdriftsplanen dei tre kommunane var einige om. Det er positivt, ryddig og viser respekt for dei andre to kommunane, seier Terje Søviknes.
Håper at folket blir høyrd
Søviknes seier det var eit godt steg i dag, men håper på eit endå betre steg på onsdag 18. mai, då alle dei tre kommunestyra skal handsama intensjonsavtalen.
– På onsdag skal ingen av oss seia ja eller nei til å slå seg saman, men ta stilling til om vi meiner intensjonsavtalen er slik at den kan leggast ut for ein medverknadsprosess blant innbyggarane våre.
– Eg håper at både Fusa og Tysnes, i tillegg til oss sjølv, gjer det som vi har sagt i intensjonsavtalen, nemleg at vi skal legga den ut og gjennomføra spørjeundersøking blant innbyggarane, folkemøte og ei informasjonskampanje.
– Å køyra ein slik demokratisk prosess meiner eg ville vera det ryddigaste. Så får kvar av kommunane trekkje sine konklusjonar i juni, etter at folket har blitt høyrd.
Ope utfall
Sjølv om Søviknes får det som han ønskjer er det ikkje sikkert kva utfallet blir.
– Det er heilt ope kva utfallet vil bli i juni. Det er ikkje berre blant folket det er usemje, men òg internt i dei ulike partia.
– Difor meiner eg vi skal ta oss tid til å køyre den prosessen vi var samde om i forhandlingsutvalet dei tre kommunane imellom, avsluttar Søviknes.