– Dette er berre starten
Nore Neset Aktivitetshus var fylt opp av utstillingar med folk frå nærlingslivet, skular og offentlege instansar då den aller første utdanningsmessa for bjørnefjordsregionen opna dørene onsdag.
– Det var litt av ein jobb å få alt klart til i dag, men no er vi i mål, fortel Thorleif Eikeland frå Os Lions Club.
Han er prosjektansvarleg for Bjørnefjorden Utdanningsmesse.
Det viste seg at det ikkje var så lett å få montert standane, men etter 7-8 timars hektisk arbeid tysdag kveld var alt på plass.
- Utan hjelp frå Os vidaregåande skule og folk på huset her så hadde det ikkje gått, seier Eikeland.
Les òg:
Hektisk veke
- Blir spennande foredrag
- Stadig meir komplisert arbeidsliv
President i Os Lions Club, Per Solberg, opna messa. Kongshaug Musikkgymnas stod for det musikalske innslaget.
- Det er ei utfordring at fråfallet er stort i dei vidaregåande skulane og arbeidslivet blir stadig meir komplisert, fortalde Solberg.
- Det har kome fleire nye yrke som kan vera vanskeleg for foreldre å kjenna til.
Solberg trur at messa kan gje elevane sitt første møte og kontakt med næringslivet og visa elevane kva som finnest av bedrifter i nærmiljøet.
Godt samarbeid
På opninga av messa talte òg ordførar Terje Søviknes, blant anna om kor viktig det er å bestemma seg for kva utdanningsveg ein vil gå.
- Det er kanskje det viktigaste valet ein gjer, og på messa får ungdommane vegleiing og høve til å bli betre kjent med fleire skular og potensielle arbeidsgjevarar, sa Søviknes.
Søviknes er utruleg takksam for at Os Lions tok på seg oppgåva med å arrangera utdanningsmessa og synest at det offentlege-private samarbeidet har vore veldig bra.
- Eg har sett veldig fram til denne dagen, og no skal vi prøva å bli like god på utdanningsmessa som dei er i Nordhordaland og andre stadar.
- Eg er trygg på at dette berre er starten for Bjørnefjorden utdanningsmesse.