– Blir spennande foredrag
Os Lions gler seg til utdanningsmessa opnar onsdag. – Det som kanskje ikkje har kome så godt fram er dei spennande foredraga vi har i morgon, seier Paul Irgens-Hagevik.
Når Bjørnefjorden Utdanningsmesse opnar onsdag morgon er det primært for elevar i ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane, men også lærarar, bedrifter og føresatte har ting å gle seg til.
– Vi skal ha to foredrag i løpet av onsdag ettermiddagen.
– Desse er berekna på lærarar, rådgjevarar, bedrifter og føresette, fortel Paul Irgens-Hagevik i prosjektgruppa for vaksenopplæring under Bjørnefjorden utdanningsmesse.
Ungt entreprenørskap
Første foredrag er klokka 1445 med Inger Grete Strømme i NHO-Hordaland.
– Strømme er dagleg leiar i "Ungt Entrepretørskap" i NHO.
– Ho vil konsentrera seg om naudsynheiten av å samarbeidet mellom skulane og bedriftene.
– Ungdomsbedriftane i skulane er ein del av dette, forklarar Thorleif Eikeland, prosjektleiar for utdanningsmessa.
Ser til Nordhordland
Utdanningsmessa er frå klokka 17 til 19 ope med gratis inngang for allmenta, kor dei to håpar også føresette tek turen.
– Klokka 19 ser vi til Nordhordland og det dei har fått til der i samarbeidet mellom Nordhordland Handels- og indutrilag (NHIL), NAV og andre gode krefter.
– Det dei har fått til der er eit genuint tilbod kor NAV styrer, men det er NHIL som tek det personlege ansvaret med å følgje opp ungdommane og skaffa praksisplassane.
– Vårt håp er jo at ein kan få til noko tilsvarande i Bjørnefjordsregionen.
– Eg håper dette foredraget kan bli meir som ei samtale mellom Roald Olsvold frå NHIL, NAV og foreldra/lærarane enn eit foredrag.
I tillegg til utstillarne på messa vil Austevoll Maritime Fagskule sin båt "Stø Kurs" ligga til kai i Os sentrum.
– Vi kjem til å ha ein shuttlebuss mellom Nore Neset og Os kai for elevane som kjem på messa, avsluttar Eikeland.
Utdanningsmessa går føre seg i Nore Neset Aktivitethus både onsdag og torsdag denne veka.