Sport | 17. feb. 2017

– Det var viktig for oss å få Fredrik på plass

Signerte i går: Mons Ivar Mjelde er glad både på Åsane Fotball og Fredrik Heggland sine vegne.

– Det var viktig for oss å få Fredrik på plass
Fredrik Heggland debuterte for A-laget til Brann i 2015. Etter skade, operasjon og utlån til Fana er han no klar for Åsane. (Arkivbilde, foto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. feb. 2017 15:02

Bildeserie:

Fredrik og Simen som motstandarar i 2015. No blir dei lagkameratar igjen. (Foto: Wim Hetland)
Fredrik og Simen som motstandarar i 2015. No blir dei lagkameratar igjen. (Foto: Wim Hetland)
Søndag speler Fredrik og Simen mot Vegard (bildet) sitt Sogndal. (Foto: KVB)
Søndag speler Fredrik og Simen mot Vegard (bildet) sitt Sogndal. (Foto: KVB)
1 av 2

Etter 2012-sesongen gjekk Fredrik Heggland og Simen Lassen saman frå Os til Brann. No blir dei lagkameratar igjen etter at Heggland torsdag signerte med Åsane Fotball.

Fredrik, som har trent med Åsane i vinter, har fått kontrakt med Åsane fram til sommaren 2018.

– Eg har fått eit veldig positivt inntrykk av Fredrik. Han jobbar hardt, han er audmjuk og lærevillig, og han passar perfekt inn i gruppa vår, seier hovudtrenar Mons Ivar Mjelde til Midtsiden.

– Då Pallesen, som vi lånte frå Brann, blei selt til Haugesund, blei det spesielt viktig for oss å styrka midtforsvaret.

– Bra for begge partar

Etter 21 kampar for Brann 2 i 2014 blei det 6 kampar med andrelaget og 2 med A-laget før han i 2015 blei skadd og måtte operera kneet fleire gongar.

På utlån til Fana, som landa på 5. plass i PostNord-serien (2. divisjon) i fjor, blei det 18 kampar og éi skåring på osingen.

– Fredrik har erfaring frå høgare nivå og han gjorde det bra for Fana i fjor. Han har vore uheldig med skaden han fekk og eg er glad for at han no er på veg opp igjen. OBOS-ligaen er ein god arena, gjer du det bra her så er ikkje vegen så lang opp til Eliteserien igjen.

– Han hadde kontrakt med Brann ut 2017, utan at dei hadde ein plan for han på A-laget. Eg er glad dei let han gå til oss, også for Fredrik sin del, som no får spela OBOS i staden for å vera med Brann 2 i 3. divisjon.

Speler mot Sogndal søndag

Ein annan osing fekk oppleva steget frå Åsane i OBOS til Sogndal på øvste nivå i fjor.

Allereie søndag kan Fredrik møta tidlegare lagkamerat i Os, og mostandar då Brann spelte mot Åsane i OBOS, Vegard Leikvoll Moberg.

– Vi møter Florø i treningskamp i kveld og Sogndal søndag.

– Fredrik blir med oss i helga og skal på banen i begge kampane, seier Mjelde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.