Operert på nytt
Fredrik Heggland får ikkje den sesongoppkøyringa han hadde ønska seg. Denne veka opererte han menisken på nytt.
Det var i kamp mot Åsane og dei to osingane Vegard Leikvoll Moberg og Simen Helland Lassen i juni i fjor sommar Brann-spelar Fredrik Heggland skada kneet. Skaden gjorde at Heggland blei verande ute resten av sesongen etter å ha fått operert menisken.
Då Brann sikra opprykket til tippeligaen igjen var det ein optimistisk Heggland Midtsiden snakka med.
– For meg handlar det no om å koma i best mogleg form fram mot oppkøyringa som byrjar i januar, og å få ei så god oppkøyring som mogleg, sa Heggland til oss då.
Slik blir det diverre ikkje.
Vellykka operasjon
Fredag fortalte Brann at Heggland denne veka hadde blitt operert på nytt.
- Menisken hadde ikkje grodd slik vi ønska, og vi måtte dermed operere på nytt, forklarar Brann-lege Arne Instebø til Brann.no
Operasjonen var vellykka, men Heggland må belaga seg på ei tid på krykkjer før ei ny periode med opptrening.
– Han skal no bruke krykker heilt i starten og etter kvart belasta kneet litt og litt. Det tyder at han blir borte frå trening med laget dei neste vekene, utdjupar Instebø.
Brann starta sesongoppkøyringa tidlegare denne veka.