– Det tok heilt av!
Fleire hundre meldingar på facebook. Ungjenter ville ha bilete med Idol-Eirik på Justin Bieber-konsert. – Hektisk, men gøy, seier Eirik sjølv.
Eirik Søfteland imponerte stort då han slo til med Månemannen av Vamp sist fredag.
«På Idol sine sider akkurat nå har Eirik 8634 likes, de andre har 5686 tilsammen. Eirik har 1004 kommentarer, de andre har tilsammen 561. Eirik sin video er delt 248 ganger, de andres 92 tilsammen. Godt over 60% til Eirik aleine.», oppsummerte far Tord Søfteland laurdag berre timar etter at sonen tok publikum med storm.
– Ja, det tok heilt av det.
– Det er dritkosleg. Eg har hundre-eitt-eller-anna meldinger på facebook eg ikkje har hatt tid til å svara på, men eg set utruleg stor pris på alle, seier Eirik på telefon i det han blir henta i Idol-huset for nok ei øving før fredagens show.
På Bieber-konsert
Onsdag var Eirik Søfteland og dei andre fire Idol-deltakarane på Justin Bieber-konsert i Telenor Arena.
– Vi blei tvungen av Idol, ler rockaren som er redd imaget ryk no.
– Nei da, det var kjekt det. Og frykteleg mykje småjenter som la merke til at vi var der og som ville ha bilete med oss.
– Det blei vel eit par hundre før Bieberen gjekk på scena.
Hektisk, men gøy
Som ein av fem finalister blir Eirik lagt merke til når han beveger seg utandørs.
– Byrjer det å ta på?
– Nei, det er jo hektisk, så det er viktig å kvile når sjansen er der.
– Men, det aller meste er berre gøy, avsluttar Eirik Søfteland i det energibunten spring inn i studio.