– Det er alltid så god stemning her
VIDEO: Musikk, nisse, delikatesser og mange utstillarar sørgja for god julestemning på Osøyro i dag.
Fjorårets nye julemarknad fekk i år fleire kulturelle supplement og blei i år omdøypt til julefestival.
Med nye innslag på scenen kvar time gjennom heile dagen, i dag og i morgon, blei det saman med mange tilreisande utstillarar, eit mangfald av tilbod på Øyro.
– Eg var med på julemarknaden i fjor og ville tilbake i år. Ikkje bere hadde eg godt sal, det er alltid så god stemning her, synest Edith Antun.
Ho kjøper garn frå Hillesvåg Ullvarefabrikkk og har strikking og toving som hobby. Med seg til Os har ho heimelaga vottar, labbar og barneklede.
– Hillesvåg held høg kvalitet og har stort utval av fargar, seier ho om fabrikken på Lindås.
– Hold your horses!
Ein annan utstillar, Øyvind Nesbø, står på stand med varer sambuaren har laga, interiørdesigner og bloggar Live Solberg Haug.
– Varene sel godt, fortel Øyvind, og puttar to bukkar montert på rekve i posen til ein kunde.
Solberg Haug driv blant anna med møbelrestraurering, men lager også dekorativ veggpryd, fleire av dei med morosame namn.
Snø og tryggleik
Den siste veka har det kome rikeleg med snø i fjellheimen, og rasfaren er stor fleire plassar på Vestlandet.
– Kva om du må reddast ein dag, spør Geir Duesund.
Han sto saman med sonen Henrik på vegne av Norske Redningshunder.
– Vi sel kalendarar med bilde tatt av medlemmane våre. Dette er den viktigaste inntektskjelda for oss med redningshundar i Hordaland og ein fin måte å støtta oss på, seier Duesund.
Dagen fortsette fram med veteranbuss til Borgastova på prestegarden, med trekkspelmusikk, sal av graut og ein prat med nissen Jimmy.
Festivalen held fram søndag, blant anna med Eirin Røykenes og Eirik Søfteland på scenen.
VIDEO: Sjå stemningsrapport frå julefestivalen.