Kultur | 27. jan. 2013

– Det blei ein suksess

Breakdancekursa på Søre Neset blei ein suksess med fulle klassar. - Vi har allereie sett dato for neste dansehelg, fortel Nina Beate Fagerlid.

– Det blei ein suksess
Henrik Nordin frå Mixmaster Cru leiar ann i dansen (Foto: Gunn-Bente Stølen, Grenda)
Andris Hamresundag 27. jan. 2013 09:37

Breakdance og hiphop er i vinden som aldri før. På Kuhnletunet er det hiphop med Hans Kristian Andersen fra Absence Crew kvar måndag.

Førre helg arrangerte Søre Neset Ungdomslag breakdancekurs med Laurent Kelmendi og Henrik Nordin frå Mixmaster Cru.

- Det blei rett og slett ein braksuksess, stråler primus motor Nina Beate Fagerlid.

- Vi hadde seks kurs til saman, tre på laurdag og tre sundag. Alle var fullstappa med 30 ungar på kvar.

Har planane klare

Suksessen har gjeve ungdomslaget lyst på meir.

- Vi har allereie planane klare og sett dato for neste dansehelg.

- Det er mogleg vi gjer nokre forandringar, for eksempel å avslutta med diskotek i staden for oppvising, men det skal vi diskutera litt meir først.

- Uansett skal vi skapa dansefeber i Os saman med gutane frå Mixmaster Cru, avsluttar Fagerlid med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.