Populære gutar
Hiphop- og breakdancekurs med Laurent og Henrik frå Mixmaster Cru på Søre Neset fengjar. - Det er allereie 20 påmelde per kurs, fortel arrangørane i Søre Neset ungdomslag.
Dansebølga fossar innover Osbygda om dagen. Onsdag skreiv Midtsiden om Veronica Halhjem som dreg igang breakdancekurs kvar måndag saman med Hans Kristian Andersen frå Absence.
Neste helg arrangerer Søre Neset Ungdomslag danseworkshop med Henrik Nordin og Laurent Kelmendi frå Mixmaster Cru i ungdomshuset på Haugland.
- Grunnen er mykje av den same som Veronica har. Vi ønskjer at det skal skje ting på Os, fortel Nina Beate Fagerlid frå ungdomslaget.
- I tillegg vil vi jo at det skal skje ting for born og unge i ungdomslaget, og då trur vi dette er eit godt tilbod, skyt Ørjan Andreasson inn.
Seks kurs
Laurdag og sundag kjem instruktørane frå Mixmaster Cru til ungdomshuset for å læra born og unge hiphop og breakdance.
- Det er nybyrjarkurs vi no held.
- Det blir tre kurs kvar dag, kor kursa sundag byggjer litt vidare på det som blir gjort laurdagen, men det er ikkje krav om at ein må vera med laurdag for å kunne vera med sundag, forklarar Fagerlid.
Dei tre kursa er hiphop, breakdance og hiphop mix. Tidsplan og meir info finn du om du søkjer opp Søre Neset Ungdomslag på facebook.
- Ein kan melda seg på einskilde kurs, eller ta alle kursa om ein vil det.
- Vi har fått noko støtte frå Folkeakademiet i Os til å halde kursa, så det bør vera overkomelege prisar for å delta, fortel Fagerlid.
Frå Hatlestrand
At kursa er populære er det liten tvil om. Sida arrangørane publiserte workshopen på facebook i byrjinga av veka har det strauma på med påmeldingar.
- Vi har allereie om lag 20 påmelde på kvart av kursa, men har plass til nokre til.
- Til og med frå Hatlestrand i Kvinnherad har vi fått påmeldingar.
- Mixmaster Cru var der inne og held eit show tidlegare i vinter og har inspirert ungdomar der òg til å dansa, smiler Fagerlid.
Vil gje og få inspirasjon
Henrik Nordin og Laurent Kelmendi er gutane frå Mixmaster Cru som vil halde workshopen helga 19. og 20. januar.
- Det å få lov å halde slike workshops er utruleg kjekt og inspirerande.
- Vi håper sjølvsagt å inspirera ungar til å dansa meir og å prøva nye triks og moves, men vi får like mykje inspirasjon sjølv til å jobba med nye ting.
- Faktisk er det slik at også vi plukker opp idear og tips når vi held slike workshops, fortel dei to dansarane.
Mixmaster Cru var med i Norske Talenter i haust og blei blant topp ti etter å ha imponert TV-publikummet med halsbrekkande stunts.
Avsluttar med show
Workshopen avsluttast sundag ettermiddag med show for foreldre og besteforeldre.
- Det er noko av det kjekkaste å få sjå.
- Det er utruleg kor for ungane plukker opp knepa.
- I tillegg kjem Henrik og Laurent til å avslutta det heile med å visa noko av det dei kan, avsluttar Nina Beate Fagerlid som håpar dei kan få til enno fleire workshops i løpet av året.