Helse | 20. okt. 2024

Desse ungane fekk inn 4500 kroner på utandørs kafé og auksjon

TV-aksjonen: Det blei bodkrig over telefon frå Spania (!) på Eric si teikning.

Desse ungane fekk inn 4500 kroner på utandørs kafé og auksjon
SKEISSTØA: Eva (5), Eric (8) og Nora (5) sin vellykka salsbod. I bakgrunnen står Carl (7). Foto: Privat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 20. okt. 2024 11:03

I dag er det tid for årets TV-aksjon, i går lagde Eva (5), Eric (8) og Nora (5) utandørs kafé og butikk i sitt eige nabolag, til inntekt for aksjonen.

Pengane går i år til Barnekreftforeningen, som ønskjer å bygga familiehus ved sjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

Saft, kaffi, sjokoladekake og eplekake sto på menyen.

I tillegg selte den initiativrike gjengen leikar frå rommet sitt - og denne teikninga:

Eric si teikning blei selt på auksjon. Bodrunden tok av!
Eric si teikning blei selt på auksjon. Bodrunden tok av!

Frå klokka 14 til 17 fekk dei inn heile 2700 kroner.

I tillegg kom det 1800 kroner frå sal av éi teikning.

Teikninga blei selt på auksjon.

– Det blei bodkrig blant pensjonistgjeng som sit i Spania, forklarer ei stolt og overraska mor, Kristina Torsnes.

Pengane blir vippsa samla til aksjonen i dag.

Til no, før bøssebærarane har tatt runden sin, har det kome inn 285.672 kroner i Bjørnafjorden kommune, 10,95 kroner per innbyggar.

Det plasserer oss på ein foreløpig 32. plass av totalt 43 kommunar i Vestland fylke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.