Sport | 04. sep. 2011

Den største støttespelaren?

I andreetasjen i Stegen 2 sit det kvar dag spelelystne kvinner og menn og ausar pengar inn i idretten i Os.

Den største støttespelaren?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 04. sep. 2011 22:43

IdrettsBingo Os gjev meir i støtte til idretten i Os enn Grasrotandelen til Norsk Tipping. I 2010 gav grasrotandelen ei samla inntekt på 1.970.000 kroner til 53 lag og organisasjonar i Os, så langt i år har talet gått noko ned.

Første halvår i år har Idrettsbingo Os gjeve 612.141 kroner til 8 mottakarar, noko som tilsvarar over 76.000 kroner per lag.

Til idrett og musikk

Idrettsbingo starta på Nesttun som eit samarbeid mellom Asbjørn Totland sit selskap Format Formidling AS og Hordaland Idrettkrets.

– Hordaland Idrettskrets blei kjøpt ut for ein del år sidan, men med ein muntleg avtale om at vi held fram med å støtta idretten, seier Totland.

Han har no bingo på Nesttun og Os. I tillegg er han medeigar i bingoen på Askøy og samarbeider med bingoen på Danmarksplass. Idrettsbingo Os blei starta i oktober 2008, i lokalet ved brannstasjonen i Os sentrum. Omsetnaden har auka med 20 prosent frå 2010 til 2011.

– Dei fleste gjev støtte til idretten, men på Askøy er det musikken som får midlar.

I Os er det desse som deler pengane idrettsbingoen deler ut: Os Turnforening, Os Turn Fotball, Nore Neset idrettslag, Søre Neset idrettslag, Lysekloster IL, Lysekloster friidrett, Hegglandsdalen idrettslag og Søfteland turn og idrettslag.

På gamlemåten - om du vil

På bingoen kan de velja mellom to ulike spel, ordinær bingo og databingo. Den ordinære bingoen blir også utført på pc, men her kan du velja å bruka tradisjonell blokk.

– Det er cirka 50/50 på kven som bruker skjerm og blokk. Dei som bruker blokk må følgja nøye med og ropa bingo om dei vinn, fortel driftsleiar Belinda Karlsen.

Det blir spelt bingo kontinuerleg i opningstida og bingoen går samkjørt via internett mellom dei fire idrettsbingoane, så osingane konkurrerer mot spelarar på Nesttun, Danmarksplass og Askøy.

Nytt samarbeid - ny jackpot

Nyleg inngjekk idrettsbingoen eit samarbeid med Norsk Tipping, 7 nye automatar har kome på plass i Stegen.

– På vanleg bingo kjem jackpoten opp i 36.000, på databingoen 12.000. Dei nye Belago-maskinene frå Norsk Tipping får i tillegg til jackpoten på 12.000 ein landsdekkande jackpot på 50.000, men jackpotane kjem først når automatane er rulla ut til alle bingoane i Noreg. Det skjer truleg i november eller desember i år, fortel Totland.

Nytt på idrettsbingoen er også loddtrekning blant gjestane. Alle som vil kan skriva seg inn i resepsjonen og vera med på trekninga av ein månadspremie verdt 3000 kroner. Alle månadsvinnarane ved dei fire bingoane er med i trekninga av ein tur for to personar til Las Vegas.

Rette og feile tal

Lin-Kristin Halvorsen, ei av dei tilsette ved bingoen på Os, fortel om mange faste gjestar og fleire tilreisande frå nabokommunane til Os.

– Mange kjem her òg for det sosiale, det ser ut som om spelarane har det veldig kjekt saman.

– Vi har det som ein storfamilie, seier Inger Alice Skarstein. Ho og venninna Turid Brattholmen Engelsen fortel at dei er fleire venninner som går fast på bingoen.

– Det er så koseleg og uformelt at vi kan gå berrføtt om vi vil, ler Turid.

På spørsmål om kva som er det meste dei har vunne kem svaret meir kryptisk, men minst éin av dei har fått jackpot på 36.000 kroner. Også jacpotar på 12.000 kroner har ramla inn på spelekortet på dei kjekkaste dagane.

– Eg er også blant månadsvinnarane som kan vinna tur til Vegas. Det hadde vore noko, seier Inger Alice, før ho muntert kommenterer at kvinna på høgtalaren berre roper opp feile tal i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.