Sport | 14. juni 2013

Den nye Osbadet-sjefen

Håkon Andree Egeberg Johansen overtar etter Leif Gunnar Borgen som dagleg leiar for Osbadet.

Den nye Osbadet-sjefen
Håkon Andree Egeberg Johansen byrjar i jobben som dagleg leiar for Osbadet 1. august i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. juni 2013 07:58

I styremøte torsdag kveld blei Håkon Johansen (46) tilsettsom ny dagleg leiar i Osbadet KF.

I byrjinga av mai blei det kjent at dagleg leiar i Osbadet sidan før anlegget opna, Leif Gunnar Borgen, gjev seg.

– Vi fekk over 25 søkjarar til stillinga, fem-seks av dei blei sett på som godt kvalifisert, så det har ikkje vore ein enkel prosess.

– Men Johansen fekk tilbod om stillinga og takka ja, og dette trur vi er ei lykkeleg løysing for Osbadet, både tilsette og gjestar, seier styreleiar Tor-Inge Døsen.

Nær nabo - fast gjest

Håkon Johansen er busett cirka 100 meter frå Osbadet, der han bur saman med kona Beate Moberg, rektor ved Os barneskule, og deira to born, Bettina (11) og Tom Andree (16).

– Etter 12-13 år med pendling til Bergen skal det naturlegvis bli godt å få arbeidsplassen sin så nær heimen.

– Men årsaka til at eg søkte på stillinga er at dette verkeleg er ein jobb eg har lyst på, seier den nye Osbadet-sjefen.

Med ungar som er aktive i Os Svømmeklubb, spesielt det store talentet Tom Andree, kjenner Håkon, som sjølv har vore instruktør i klubben, godt til også innsida av den 7 år gamle nabobygningen hans.

– Eg er nok blant dei vaksne som har vore mest i Osbadet, utan å vera tilsett der, ler Håkon.

– Tilbake der eg starta

Johansen går frå stillinga som dagleg leiar i bemanning- og rekrutteringsselskapet Eterni og Evenator Bergen når han 1. august startar som Osbadet-sjef.

– Eg starta i jobben hos Eterni 1. januar i år, så det var tidleg å gå no. Men denne type stilling blir ikkje lyst ut så ofte, så eg måtte gripa sjansen.

Tidlegare har han vore HR-sjef i Kavli og Q-meieriene i 6 år og rekrutteringssjef på Haukeland Univeristetssjukehus i 7 år.

Håkon, som er fødd og oppvaksen i Egersund, kom til Os første gong i 1991, den gong som idrettsoffiser og velferdsoffiser på Ulven.

Han jobba 8 år som offiser og hadde seinare leiarstilling under byggging av Gardermoen.

– Eg har sivil utdanning innan kultur og lang erfaring innan idrett. No er eg på mange måtar tilbake der eg starta.

Godt inntrykk av forgjengaren

Borgen blir i stillinga gjennom sommaren og har sin siste arbeidsdag i Osbadet 31. juli.

– Eg er imponert over kva Leif Gunnar har fått til med Osbadet, seier Håkon om naboen og forgjengaren sin.

– Ikkje minst er det ein fin stab han har sett saman.

– Tar du med deg nokre nye idear inn til badeanlegget når du startar på seinsommaren?

– Med son som er aktiv i symjekonkurransar har eg naturlegvis vore innom mange basseng og badeanlegg, og sett ein del av ting som er bra og mindre bra.

– Idear eg har vil eg diskutera med dei komande kollegaene mine, men først vil eg lytta og læra, både av dei og av Leif Gunnar, seier den komande badesjefen i Os, Håkon Johansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.