Sport | 02. mai 2013

Borgen gjev seg i Osbadet

Styret i Osbadet KF må søkja etter ny badesjef. Leif Gunnar Borgen, som har leia Osbadet sidan start, skiftar beite etter 7 år.

Borgen gjev seg i Osbadet
Leif Gunnar Borgen har vore sjef i Osbadet sidan før opninga i 2006. 1. august går han tilbake til H-vinduet Magnor AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. mai 2013 10:20

Bildeserie:

Tomta Osbadet står på. (Foto: KVB)
Tomta Osbadet står på. (Foto: KVB)
Hallen og klubbhuset utan Osbadet som nabo. (Foto: KVB)
Hallen og klubbhuset utan Osbadet som nabo. (Foto: KVB)
Hausten 2006 sto Osbadet klart. (Foto: KVB)
Hausten 2006 sto Osbadet klart. (Foto: KVB)
Opningsfest 20. september 2006. (Foto: KVB)
Opningsfest 20. september 2006. (Foto: KVB)
Ungar klare for Osbadet-songen og bading. (Foto: KVB)
Ungar klare for Osbadet-songen og bading. (Foto: KVB)
Men først var det talar. (Foto: KVB)
Men først var det talar. (Foto: KVB)
Søviknes fekk nøkkelen av Døsen. (Foto: KVB)
Søviknes fekk nøkkelen av Døsen. (Foto: KVB)
Team Osbadet klar for symjekonkurranse. (Foto: KVB)
Team Osbadet klar for symjekonkurranse. (Foto: KVB)
Mot bl.a. Alexander Dale Oen (t.v.) (Foto: KVB)
Mot bl.a. Alexander Dale Oen (t.v.) (Foto: KVB)
1 av 9

I går var det på dagen 7 år sidan Leif Gunnar Borgen byrja i jobben som dagleg leiar for Osbdaet KF, knappe fem månadar før opning 20. september 2006.

Over kan du sjå bildeserie frå opningsdagen.

Borgen går tilbake til vindauge-bransjen når han i sommar er ferdig som badesjef.

– Det var ei tung avgjerd å ta. Eg liker meg veldig godt i Osbadet og jobben og arbeidsmiljøet blei minst like bra som eg hadde håpa på, seier Leif Gunnar.

– Men eg liker utfordringar, noko å bryna meg på, og fann ut at om eg skal prøva noko nytt så er tida inne for det no.

Styremøte i kveld

Styret i Osbadet KF skal ha møte i kveld for å diskutera framgangsmåte for jakta på ny dagleg leiar.

– Vi kjem til å søkja etter erstattar snart, truleg allereie frå neste veke. I kveld skal vi diskutera korleis, og om vi for eksempel skal hyra nokon til å leita etter kandidatar, seier styreleiar Tor Inge Døsen.

Døsen har vore med sidan planleggingsfasen og fortel om god søkarmasse då Borgen blei tilsett.

– Vi hadde 10-12 søkjarar av typen vi kalte kvalifiserte og gjekk vidare med 5-6 av dei i intervjurundar. Vi hadde eit luksusproblem og valet falt på Borgen.

Ein suksess

– Det er ikkje tvil om at han har gjort ein veldig god jobb, han er ein trygg og god type, romsleg og raus som person og leiar, synest styreleiaren.

Styret hadde ikkje så mange å sjå etter då dei skulle forma Osbadet, men fekk tips av blant andre Vannkanten i Loddefjord.

– Men det er lite driftserfaring med kommunale bad, det er rundt 30-40 stykker. Blant desse framstår Osbadet som ein suksesshistorie, og eg var seinast for 1,5 veker sidan på reise til ein annan kommune som vil bygga bad, for å fortelja om Osbadet, frå plan og bygg til innhald og drift, seier Døsen.

Blir produktsjef

Heilt nye blir ikkje oppgåvene, folka eller jobben Borgen byrjar i 1. august.

Han blir tilsett som produktsjef for H-vinduet Magnor AS og går dermed tilbake til bransjen han hadde vore i sidan 1992 fram til han blei sjef i Osbadet.

– Eg har hatt fleire ulike roller i H-vinduet Magnor og H-Tre, frå edb og økonomi til produksjonssjef og dagleg leiar.

Borgen valte sjølv å gå frå dagleg leiar-stillinga, som kravde mykje reising, til ei anna administrativ rolle i konsernet H-Tre AS. Så gjekk han til Osbadet KF.

– Men det har skjedd mykje spennande i H-vinduet Magnor sidan sist, seier Leif Gunnar, som går frå å jobba for svigerfar Sveinung Skaathun til å jobba for svogeren Ole-Vidar Skaathun.

– For det første er produktet eineståande, med heilt unik kvalitet. For det andre har Ole-Vidar gjort ein fantastisk jobb med firmaet, som gjekk frå eit selskap som låg rundt null til å visa til god vekst og fine resultat.

Les òg: Magnor i kraftig vekst

H-vinduet Magnor AS passerte 100 millionar kroner i omsetnad i 2011 og hadde same år eit overskot på 8 millionar kroner.

– Osbadet, ein god arbeidsplass

Blant årsakene til at Borgen søkte seg til Osbadet var ønsket om å få vera med eit firma frå start, å få forma verksemda og arbeidsplassen etter dei ideane og erfaringane han sjølv sat med.

– Trivsel på arbeidsplassen heng nøye saman med økonomien til firmaet. Du treng ein stab som liker jobben og arbeidsplassen sin for å lukkast.

Fire av dei ni tilsette frå 2006 jobbar framleis i Osbadet. Enkelte av ungdomane har jobba deltid i badet ved sidan av høgare studie, og halde fram på deltid også etter at dei har fullført og fått jobb innan det dei har tatt skule i.

Sjukefråværet har vore på under 1 prosent.

– Eg har vore heldig med dei eg har fått med meg og vi har saman vore flinke å få dette til.

Trur på vidare vekst

Osbadet låg rundt 63.000 besøkande dei fire første heile driftsåra, frå 2007 til 2010. 2011 blei rekordår med 75.000 besøkande, i 2012 var det 70.000 dukkertar i bassenga på Kuventræ.

– Vêret har mykje å seia, og med mykje sol i vinter har vi fått ein roleg start på 2013. Men april blei rekordmånad i omsetnad, fortel Leif Gunnar Borgen.

Han trur Osbadet i aukande grad vil bli ein samlingsplass i Os, ikkje minst når idrettsanlegget i framtida blir rusta opp.

– Det er mange spennande planar for resten av Kuventræ, det skal bli spennande å følgja med, seier Borgen, som bur to steinkast frå Osbadet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.