Delte ut 40.000 kroner til flyktningar
Os kommunestyre førehandsbehandla forslag frå Os Ap på 20.000 - og toppa med yttarlegare 20.000 kroner.
Søndag var det fokus på hjartevarme og gjevarglede i Os sentrum, med hesteriding, ballongslepp, korpsmusikk og song.
• Sjå video av Ida, Emily og Merete, som dreiv med caroling i butikkane
Som del av arrangementet var ein appell ved ordførar Terje Søviknes.
– Situasjonen i Syria er uoversikteleg for mange. Men éin ting er sikkert, i krig, og særleg i borgarkrig, går det ofte hardt ut over dei sivile, sa Søviknes, og takka alle frivillige i Os som set i gang aksjonar for å hjelpa andre.
– Det er dette jula handlar om, å vera medmenneske, å visa omsorg og å sjå kvarandre.
Gav 2 x 20.000 kroner
Ordføraren hadde med seg representantar frå alle dei andre partia i Os. Dei hadde på førehand diskutert og tatt avgjerd i ei sak som Tone Hepsøe (Ap) hadde spelt inn til kommunestyremøtet i morgon, tysdag.
– Os Ap foreslår at Os kommune gir eit bidrag til å hjelpa flyktningar, og er spesifikk i forslaget med 20.000 kroner til Flyktningehjelpen.
– Vi gruppeleiarar har blitt einige om å støtta forslaget, og vil i tillegg gje same sum til den lokale aksjonen som Os Sentrumsforening har stelt i stand.