– Publikum blei nesten meir flaue enn oss
Kusinene Ida og Emily var saman med Merete på caroling i butikkane i Os sentrum søndag.
Søndag var det fokus på hjartevarme og gjevarglede i Os sentrum, med appell, ballongslepp, korpsmusikk og song.
To kusiner, Ida Skaathun Blindheim (15) og Emily Johnsen Moberg (18), dreiv caroling (gå frå dør til dør og spreia glede med song).
– Det er jo litt spesielt å oppsøkja publikum sjølv, og publikum ser ut til å bli både overraska og av og til litt flaue, nesten meir flaue enn oss. Men det er veldig hyggeleg å gå rundt på denne måten, seier Merete.
Mamma/tante Merete blei med dei to ungdomane på tur frå butikk til butikk.
– Emily vakna med litt dårleg stemma, så då blei eg med for å hjelpa til.
Flinke amatørar
Ida og Emily har vore med på fleire framsyningar med skulen mens Merete er ferskt medlem av det lokale koret Fonos.
– Vi og fleire i familien er glade i å synga. Det gjeld også julesongar, så det blir nokre musikalske julebesøk i dagane som kjem.
• Les òg: Musikarfamilie i julestemning