Politi | 16. okt. 2021
– Dei fleste hadde ting i orden
Vegvesenet hadde kontroll på Halhjem i går.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. okt. 2021 09:04
Statens vegvesen hadde i går tungbilkontroll på Halhjem ferjekai på dagtid fredag.
– Totalt stoppa me 22 tunge køyretøy, fortel Knut Namtvedt Sylta..
Alle desse vart kontrollert for begjæringar, for eksempel manglande periodisk køyretøykontroll (PKK), forsikring, årsavgift og omregistrering.
– I tillegg tok me ein utvida kontroll på 16 av køyretøya.
Dette førte til 5 mangellappar, 4 åtvaringar for brot på køyre- og kviletid og 2 bruksforbod i samband med farleg gods.
– På det jamne hadde dei fleste me kontrollerte ting i orden, seier Sylta.