– Dei er legender
Leiar for Osjazz, Svein Atle Breistein, er veldig nøgd med bandet dei har booka til jazzkafeen i Oseana laurdag.
Denne helga kjem Øystein Søbstad kvartett til Os og Oseana, og i følge Breistein er det det mest legendariske bandet som har eksistert i Bergen og kanskje også Noreg. Øystein Søbstad kvartett består av Øystein Søbstad på saxofon, Dag Arnesen på piano, Sigurd Ulveseth på bass og Frank Jakobsen på trommer.
– Denne gjengen var det store for oss på 70- og 80-talet. Alle gjekk og høyrde på dei, fortel Breistein om gjengen som har motteke ei rekkje prisar for si innsats.
Det er Breistein sitt store nettverk innan musikkmiljøet som gjer at desse fire no tar turen til Os.
– Eg kjenner dei og har spelt med dei. Eg ringte rundt og var heldig då det viste seg at dei kunne stilla på den datoen. Jakobsen og Ulveseth har spelt her tidlegare, men det er fyrste gong for dei andre to.
8 nye medlemmar
På årets første jazzkafe i januar kom Breistein med ei oppfordring til osingane om å melda seg inn i Osjazz-klubben.
– Det er berre oss i styret som er medlemmar per no. Draumen er å få til ein skikkelig klubb, sa han den gong.
Det hadde ein effekt og førte til at Osjazz fekk åtte nye medlemmar.
– Vi er framleis få, men det er ein start.
Passar for alle
I to og eit halvt år har jazzkafeen vore eit fast innslag ein gong i månaden i Oseana.
– Vi brukte litt tid på å få arrangementet kjent, og det er noko vi framleis arbeider med, fortel Janne Mari Hjelle, frå Oseana.
Dei tre siste arrangementa har vore godt besøkt med mellom 50 og 65 gjestar.
Jazzkafeen skal vera eit lavterskeltilbod for alle som liker musikk.
– Her skal dei kunne stikke innom, kosa seg og slappe av med god mat og god musikk.
I pausa er det fram med dei gode, gamle loddbøkene og trekning av premiar.
– Då kan dei vinna billetter til eit arrangement i Oseana, forklarar Hjelle.
– Eg oppfordrar alle til å kome seg på jazzkafè, her er det alltid god stemning.