Bill.merk: Ynskjer medlemmer
Osjazz treng fleire medlemmer, og ser det som ein føresetnad for å halda fram med månadleg jazzkafé i Oseana.
Nestleiar og musikalsk ansvarleg i Osjazz, Svein Atle Breistein, seier det vert håplaust å halda fram og driva utan at medlemsmassen aukar og bidreg til økonomisk stabilitet i drifta.
– På jazzkafeen har det kome alt frå 20 til 80 tilhøyrarar. Denne gongen er det veldig bra besøk her, med kring 70 innbetalande. Eg sa på førehand: Viss det kjem 20 i dag, så legg vi årane inn ei stund. Vi driv med dette på frivilleg basis, på dugnad, men om folk ikkje støttar opp om dette tilbodet, kan vi spara oss arbeidet, seier Breistein.
Oseana-samarbeid
Med varierande besøkstal er det ikkje alltid kafeen har gått med overskot.
– Vi har inngått samarbeid med Oseana som gjer oss i stand til å ta denne risikoen. Sidan eg er musikar sjølv, har eg gode kontakter inn i miljøet. Det har gjort at vi har klart å skaffa musikarar rimeleg. Men det hadde vore veldig kjekt om vi kunne bli litt meir uavhengige av Oseana.
Sterkare saman
Breistein fortel at utan ei medlemsmasse i ryggen er det lite å henta i tilskot også.
– Eg har fridd til folk lenge om at dei må bli medlemmer. Per no har vi ingen andre medlemmer enn oss i styret. Vi er fire.Draumen er å få til ein skikkeleg klubb.
– Folk må melda seg inn så vi kan laga oss ein skikkeleg organisasjon. Eg har søkt Norsk kulturråd etter økonomisk støtte fleire gonger, men medlemmer er essensielt for å få dette. Ein stiller så mykje sterkare då.
Mangfald
Også musikarane som spelte på jazzkafeen i går håpar på eit oppsving for klubben.
– Eg tenkjer det er vikitg at Osjazz får leva. Det kjem mykje forskjellig til Os også, og mangfald og variasjon er både sunt og bra. Vi har alltid blitt tekne godt imot i denne bygda, og vi håpar vi får fortsetja å kome, seier HC Dalgaard.
Meir informasjon kan ein få gjennom nettsida osjazz.no