– De har noko å seia!
– Kommunestyret si uttale om konseptvalutgreiinga har noko å seia når regjeringa skal handsama den, slo vegsjef Helge Eidsnes fast.
Det har vore hevda at dei lokale kommunestyrepolitikerane ikkje har noko dei skulle ha sagt om trasévalet for fergefri E39.
Då politikarane fekk sjanse til å stilla spørsmål til regionvegsjef Helge Eidsnes under tysdagens teammøte i kommunestyret, var nettopp dette eit av spørsmåla som blei stilt.
- Har Os kommunestyre si innstilling noko å bety? Har vi ei reell påverknadskraft? undra Gustav Bahus (Frp).
- Ja. Det er tre viktige grunnlag for regjeringa når dei skal ta stilling til saka. Det er Konseptvalutgreiinga (KVUen), Kvalitetssikringa av KVUen (KS1) og uttale frå dei berørte kommunane og fylka.
- Kor mykje dei vektlegg kvar av dei tre er opp til regjeringa. Det er politikk, så det vil eg ikkje meina noko om, svarte regionvegsjefen.
Les òg: - Vi er redde
Mest utgreidd i Noreg
Ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim er truleg den mest utgreidde vegstrekninga i Noreg, ifølgje regionvegsjefen.
- E39 er viktig for Os og kommunane rundt Os, men den er òg veldig viktig for heile Noreg.
- Den binder heile Vestlandet saman og må vera Noregs mest utgreidde vegstrekning.
- Berre i min region er det heile fem konseptvalutgreiingar, forklarte Eidsnes.
Reisetid viktig
1,8 millionar innbyggarar, om lag 35 % av innbyggarane i Noreg, er berørte. Om lag 50 % av eksporten frå Noreg skjer frå områda som soknar til E39.
- I dag er reisetida mellom Kristiansand og Trondheim 20-21 timar med sju ferjer.
- Vi har fått bestilling frå vegdirektoratet å utgreia ferjefri E39, noko som vil redusera reisetida til 12-13 timar.
- For kvar einskilde korte strekning er det kanskje ikkje så mange minuttar å spara, men når ein ser på lengre strekningar blir det mykje, konstanterte Eidsnes.
Første steget i ein lang prosess
KVU-en og kvalitetssikringa av denne er første steg på ein lang prosess av utgreiingar og planar.
- Når regjeringa og stortinget bestemmer seg for kva ein vil gå vidare med kjem dei meir detaljerte planane med kommunedelplanar, reguleringsplanar, byggeplanar og nye kvalitetssikringar.
- Det vi har levert no er grove anslag og vurderingar, nok til å gjera dei første vedtaka.
- Vi har ikkje kome så langt at vi kan seia nøyaktig kor vegen skal gå. Der blir Os kommune ein viktig aktør i høve det videre planleggingsarbeidet og kan stille krav i samband med kommunedelplanen og reguleringsplanane, forklarte Eidsnes.
- Det har vore diskutert at regulering av slike prosjekt tek for lang tid og kva ein kan gjera for å få den kortare. Statleg regulering har vore nemnd. Vil det i såfall bety at vi risikerer at staten tar reguleringa og vi ikkje får noko å seia, undra Leif Gunnar Heggland (Frp).
- Statleg regulering har hittil blitt brukt veldig sjeldan, og då helst når det har låst seg heilt.
- Det er rett at det går ein diskusjon på å gjera den lange planleggingsprosessen kortare, men det betyr ikkje at kommunane blir kopla ut. Dei skal framleis vera med i prosessen, forsikra regionvegsjefen.
Sjå til Atlanterhavsvegen
Regionvegsjefen vedgjekk at det å bygga veg set varige spor. På møtet prøvde han å gje ei vurdering av ikkje-prissette faktorar som nærmiljø/friluftsliv, kulturminne, naturmiljø, landskapsbilete og naturressursar som jord- og skogbruk.
For dei to alternativa, indre og midtre trasé, kom dei relativt likt ut.
Når det kjem til andre verknadar, som arbeidsmarknad, framtidige tilkoplingar av nye vegar og liknande, var det midtre alternativet best, ifølgje regionvegsjefen si vurdering.
- Det er krevjande å integrera ein veg i Halhjemsområdet. Eg har stor respekt for dei ulike vurderingane som blir gjort, forsikra Eidsnes, som drog fram Atlanterhavsvegen på Nordmøre. I Eidsnes sine auge er vegen eit vellykka døme på samspelet mellom mennske og natur.
Blir Bjørnafjorden stengd?
Forsvaret har uttrykt skepsis til bru over Bjørnafjorden, då fjorden er ein av to viktige øvingsbasseng for marinen. Eidsnes framheldt at dialogen med forsvaret hadde vore god.
- Med 45 meter seglingshøgde under brua, korleis ser ein for seg tryggleik og beredskap. Dette avskjerer større skip frå å snu i Bjørnafjorden, hevda Olav Kvinge (H).
Han fekk støtte frå Terje Hatvik (V) som undra kva tankar ein hadde gjort seg i høve næringslivet på Fusa og i Samnanger om seglingshøgda blir så låg at skip dei skal ha inn til kai ikkje kan passera.
- Vi held oss til dei krava Kystverket stiller, og dei er på 45 meter.
- Om kommunen har andre krav så må dei meldast. Vi held oss til det Kystverket krev, slo Eidsnes fast.