– Vi er redde!
– No får vi svi for at vi har halde det hemmeleg kor fint det er i Øyane, sa Geir Magne Johnsen då han snakka til kommunestyret i Oseana tysdag.
Interessa rundt temamøtet om fergefri E-39 og kyststamvegen var stor då kommunestyret heldt møte i Oseana tysdag ettermiddag.
Over 500 hadde mobilisert i fakkeltog for å visa motstand mot midtre trasé og planane om bru over Bjørnafjorden.
Om lag 300 av dei fann vegen inn i møtesalen for å få med seg presentasjonen frå regionvegsjef Helge Eidsnes og deira eigen Geir Magne Johnsen frå folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden.
- Det er nesten surrealistisk å skulla måtte overbevisa våre folkevalde, våre tillitsvalde, om at vi ikkje skal rasera Øyane og skjergarden vår.
- Kva ønskjer vi for Os, spurde Johnsen retorisk før han gav svaret sjølv.
- Vi treng ikkje ligga på noko «gullakse». Vi har det bra.
- Vi treng ikkje få ein firefelts motorveg gjennom bygda vår for at vi skal trivast og bu, argumenterte Johnsen, som hadde gjort det Statens vegvesen ikkje vil gjera, nemleg å laga illustrasjonar på korleis vegen kan gå gjennom skjergarden.
Lover høgt konfliktsnivå
Den ytre traseen om Austevoll, som vegvesenet presenterte i den første konseptvalutgreiinga (KVU), blei forkasta grunna konfliktnivå.
- Her skal det bli like høgt konfliktsnivå.
- Dei (vegvesenet, journ.mrk) vil verna kystlandskapet på Austevoll. Vi er indrefiléten i Hordaland, meinte brumotstandaren.
Prestisje for vegvesenet?
Sjølv om vegsjef Helge Eidsnes allereie hadde hevda at det ikkje låg noko prestisje i bru over Bjørnafjorden frå vegvesenet si side, kunne ikkje Johnsen la det ligga.
- Det luktar prestisje lang veg. Boknafjorden blei forkasta som brualternativ på grunn av vêr og pris. Dermed får dei verdas lengste undersjøiske tunnel.
- Vegsjefen er tydelegvis glad i verdsrekordar. No vil han bygga verdas lengste undersjøiske tunnel, verdas lengste flytebru over Bjørnafjorden og verdas lengste hengebru over Sognefjorden.
- Dei har stadfesta at det er mogleg å laga undersjøisk tunnel også under Bjørnafjorden, men det er jo ikkje noko stas å laga verdas neste lengste.
Johnsen ba kommunestyrepolitikerane tenka seg godt om.
- Det er ingen grunn til at vi skal få dette gjennom bygda, når det finnest eit betre alternativ, avslutta Johnsen, med referanse til indre trasé om Fusa.