Dansens Dager til Os
– Eg har hatt lyst til dette lenge, seier Patricia, som fekk mange med seg til stor markering.
Zumba, samtidsdans, swing, hiphop og ballett - laurdag får du fleire stilartar servert på same fat midt i Os sentrum.
Dansens Dager blir markert i fleire land denne helga. Danselærar Patricia Langeland ved Bjørnafjorden kulturskule har tidlegare reist til Bergen med elevar for å delta.
– I fleire år har eg tenkt at vi burde få til ei markering i Os også. Då eg ringte Stine Kobbeltvedt i kultureininga, i utgangspunktet for å laga planar for neste år, snudde ho seg raskt rundt og sjekka med fleire som driv med dans i kommunen, fortel Patricia.
Fleire kunne.
Etter moteshowet under Vårsleppet i Os sentrum laurdag, frå rundt klokka 12.30, blir det 90 minutt med oppvising.
– Det har vore kjekt å delta på Dansens Dager i Bergen, men det er litt arbeid og eit visst ansvar å reisa med 40 ungar til Bergen på ein folksam dag. No gler eg meg over at vi får ei markering heime i Os, og håper dette kan bli ei årleg markering som stadig fleire deltar på. Det er mogleg vi ikkje har nådd ut til alle i denne runden, kanskje blir det endå meir omfattande i 2023.
Over hundre dansarar
Susan Askvik stiller med zumba, Os Swingklubb møter med fleire par og Søre Neset ungdomslag, som har over 120 dansarar innan hiphop, slow og ballett, møter opp for å visa seg fram.
Patricia og resten av kulturskulen har over 230 dansarar.
– Dansarane våre deler seg i ulike framsyningar denne våren og forsommaren. Eg reknar med å stilla med 80-90 dansarar laurdag, seier Patricia.
Søre Neset har med seg alle som vil, og reknar med å landa på over 40 dansarar.
Os Swingklubb har ei uvanleg travel veke og helg, med både ekstra mange kurs og eigen dansekveld i Beststovo, sender ned nokre par til å visa seg.
Susan, som har to timar i veka med rundt 30 deltakarar på zumba, er først ut etter moteshowet.
– Eg og dei eg har med meg legg opp til at publikum kan henga seg på. Zumba er enkelt og gøy, og vi tar øvingar som kven som helst kan prøva seg på, seier Susan.
Om Dansens Dager
Frå 29. april til 1. mai blir «Dansens Dager», før 2010 kalla Dansens Dag, markert over heile landet.
Og i over 60 andre land.
Den opprinnelege dagen er lagt bursdagen til den franske dansaren Jean-Georges Noverre (29.april 1727 - 1810). Noverre blir rekna som grunnleggaren av den moderne ballett.
Danseinformasjonen - det nasjonale kompetansesenteret for dansekunst, er nasjonal koordinator for Dansens Dager.
Kjelde: dansensdager.no