Kultur | 12. sep. 2021

Menneske og mold - Lønning held foredrag på Os

Professor og forfattar Dag Jørund Lønning besøker Os hagelag.

Menneske og mold - Lønning held foredrag på Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 12. sep. 2021 22:40

Os hagelag har invitert professor Dag Jørund Lønning til å halde foredrag og samtale om temaet «å samarbeida med den levande jorda»

– Gjennom Jordboka og Jordboka II har Lønning opna det fantastiske økosystemet i molda for eit allment publikum, seier Jan Helge Gram Eggestøl frå hagelaget.

I dei same bøkene, og i dei hundrevis av foredraga han har halde over heile landet, har han introdusert mange tusen menneske for jord- og hagebruk i samspel med naturen. For natur er vedvarande omdanning, skaping og fornying.

I bloggen hans kan vi lesa: «Eg ser viljen til fornying og liv i museøyrebladet på den vesle bjørkerenningen ved foten min, i dei vakre ørsmå konglene til lerketreet på veg inn i vårskrud, og i frøet som spirer midt i mosetuva. Eg ser organismar som byggjer opp og som bryt ned. Berre på ein liten kvadratmeter rundt meg er det store mengder med liv. Plantar, insekt, mosar, lav. Og under meg er livet enormt. Bakteriar, rovdyr, kilometervis med sopphyfar. Det største universet av liv på planeten».

I 2019 blei Lønning tildelt hedersprisen "Årets meitemark" av organisasjonen Økologisk Norge for sitt arbeid for livet i matjorda og eit naturnært landbruk.

Torsdag kveld 16. september får du sjansen til å læra av Dag Jørund Lønning.

– Det skjer i Tunet i Os sentrum. Det vil bli enkel servering, utlodning og høve til å kjøpe bøkene hans, fortel Eggestøl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.