Kultur | 10. mars 2020

Hagelaget markerer 60-årsdag

Foredrag og festkakebord i Tunet.

Hagelaget markerer 60-årsdag
Moldegard. (Ill. foto: Os hagelag)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 10. mars 2020 14:56

Lesarinnlegg:

Os hagelag er 60 år, og feirar 12. mars i Tunet - Os kyrkje og kultursenter. Hagelaget blei stifta i mars 1960. Vi vil markere det med å invitere til fest og med godt program, og alle hageinteresserte til ein flott kveld.

Egil Risnes vil ha eit biletkåseri om inntrykk frå danske hagar, blant anna dronning Margrethes hage på Fredensborg slott.

Os hagelag vil også kåre hagelaget sin æresmedlem. Og det blir festtale med ulike innslag frå Os hagelag sine aktiveteter på Os. Det blir festkakebord og flotte og fine gevinster på lotteriet.

På den tid då Os hagelag blei skipa var det å drive hagebruk viktig. Då var det om å gjera å utnytta ressursane i hagen med planter og vekster som var nyttige. Frukttrær, bærbuskar og grønsaker.

Men etter kvart var det andre hagetrendar som blei populære. Frå å driva aktivt hagebruk med matauk som det viktigaste, blei det den lettstelte hagen som slo gjennom. Det skjer om lag samstundes som dei fleste kvinner blir aktive i arbeidslivet, og tida til hagearbeid blir mindre. Då blei det viktig å laga til ein hage som såg fin ut og som det ikkje var for mykje arbeid med. Ut med bærbuskar, frukttrær og staudar og inn med buskvekstar, plen og dvergfuru.

Det er ikkje få hagebøker som er gitt ut der tema har vore «Den late hagen» eller «Den lettstelte hagen».

Men hagane er gjennom åra blitt mindre og mindre og nye reguleringsplanar legg opp til små tomter der det knapt er plass til ein terrasse og kanskje ein tujahekk. Men kanskje vil det og endra seg.

For igjen er det nyttehagen som får fokus.

For trendar er jo stadig i skifte. Fokus på miljø og sunn mat utan sprøytegifter er noko mange er opptekne av. Og det gjer at fleire ønskjer å driva matauke. Til og med småbarnsmødre fortel at dei ved god planlegging får til å dyrke fram det meste av det som trengs i det daglege kosthald. Når Os hagelag arrangerer planteloppemarknad er det nyttevekster som forsvinn først.

Gjennom 60 år har Os hagelag invitert til ulike arrangement for å gje kunnskap om hagebruk. Det er fleire flotte hagar i Os, og fleire av desse er blitt besøkte og mange gode opplevingar, tips og idear har blitt formidla.

Os hagelag har opp gjennom vore engasjert på mange områder. Blant anna med å få etablert den flotte fjellhagen på Moldegaard. Det er mange temamøter som har blitt arrangert og hageglade venner har fått kunnskap og innsikt i alt frå drivhus, hagedam, jordforedling, kompostering, hermetisering, cottage garden, rododendron, hagelys, beskjæring, roser, fuglar og høner i hagen o.s.b.

60-åringen er framleis sprek og er glad for at vi får gjera nytte for oss. For «hagebygda» Os treng eit aktivt hagelag til å spre kunnskap og hageglede.

Velkomne til fleire flotte hagemøter dette året også.

Jan Helge Gram Eggestøl
Leiar i Os hagelag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.