Cup-eventyret over
Gutelaga til Nore Neset ute av Norway Cup etter tap 0-1 mot Herd (1. laget) og 1-5 for Åsane 2 (2. laget). – Gutane er skuffa, men vi skal vera stolte, seier Brynjar Øvstedal.
Etter ein fantastisk spennande kamp i 1/32-delsfinalen i b-sluttspelet mot Fana kor Nore Neset 2 vann 5-4 på straffekonkurranse var dei torsdag morgon klare for oppgjeret mot Oslo-laget Grei.
– Gutane spelte ein fantastisk kamp. Grei hadde ein god midtstoppar og gode vingar, men gutane våre var betre og vann 2-0.
Målskårarar mot Grei var Lasse Døsen og Peder Lyssand.
Tapte for eit betre lag
I 1/8-finalen var det duka for nok eit lokaloppgjer då Nore Neset 2 møtte Åsane 2.
– Vi må berre innrømma at vi tapte for eit betre lag.
– Dei leia 3-0 før kvarteret var gått, så reduserte vi til 1-3 ved eit fantastisk skot heilt oppe i krysset frå Kenneth Aga og fekk tilbake litt av trua, men Åsane fekk inn 1-4 før pause.
– Då gjekk lufta litt ut av oss og dei la på til 1-5 i byrjinga av 2. omgangen, fortel Brynjar Øvstedal.
I motsetning til på Os var det varmt på Ekebergsletta torsdag.
– Vi fekk ei ekstra lang oppvarming då kampen før gjekk til ekstraomganger.
– I den varmen som er her borte gjekk vi oss rett og slett tomme utover i kampen, forklarar Øvstedal.
Brant kjempesjanse
1. laget som tok seg til A-sluttspelet møtte torsdag formiddag Herd i 1/16-delsfinalen.
– Ein vinn ikkje når ein ikkje set sjansane sine.
– Vi hadde mellomanna ei frå omlag ein meter, kor keeper ligg ned, som vi klarar å blåse over.
– Når dei då skårar 1-0, så blei det slutresultatet, men sant skal seiast. Herd var nok eit betre lag enn oss, innrømmar Øvstedal.
God læring, skal vera stolte
Øvstedal fortel at Nore Neset-gutane er skuffa etter å ha blitt slått ut av turneringa.
– Det har dei lov til å vera, men dei skal veta at vi trenarane er stolte av den prestasjonen dei har gjort.
– Dei har fått god lærdom å ta med seg vidare utover hausten etter å ha spelt tøffe og jamne kampar heile veka.
– Det var gøy så lenge det varte, avsluttar Brynjar Øvstedal.
P.S. Søre Neset J19 er framleis med i turneringa. Dei spelar semifinale i b-sluttspelet mot Trio torsdag kveld klokka 20.