Suverene Neset-gutar
Nore Neset 1 vidare til 1/16-delsfinalen i Norway Cup etter 5-1 over Sykkylven. 2. laget vidare etter siger over Fana 2 på staffekonkurranse.
I dag tidleg tok Nore Neset 2 seg til 1/32-delsfinalen i B-sluttspelet etter 7-0 siger over Falkeid 2.
1. laget som tok seg til A-sluttspelet som puljevinnarar gjekk direkte til 1/32-delsfinalen onsdag ettermiddag.
Der møtte dei Sykkylven som tidlegare på dagen hadde slått brasilianske United Rain Forest.
– 1. laget er vidare til 1/16-delsfinalen etter knallsterk 5-1 siger over Sykkylven, fortel lagleiar Susan Askvik på sms frå Oslo.
1/16-delsfinalen spelast torsdag klokka 11. Herd blir motstandar etter å ha slått ut Tertnes 11-10 etter straffekonkurranse.
Høgdramatisk for 2. laget
Nore Neset 2 spelte sin 1/32-delsfinale mot Fana 2 klokka 1930 på Ekeberg onsdag kveld.
– Det blei 1-1 etter full tid og 5-4 til oss på staffer.
– Dei som tok straffene for oss var Markus, Peder, Steffen, Cristoffer og Lasse. Jaba daba du, jublar ein nøgd Brynjar Øvstedal via SMS til Midtsiden.
Dermed er båe Nore Neset-laga framleis med i Norway cup og klare får kvar sin 1/16-delsfinale.
2. laget sin 1/16-delsfinale går torsdag morgon klokka 08.00 på Ekeberg mot Grei som slo Overhalla 3-2 i sin 1/32-delsfinale.