CircleX køyrde inn 50.000 kroner
Jarle Nytræ viste god lagånd i semifinalen, Frode Holte fekk 4. plass i finalen.
Laurdag var sjette og siste løp i RallyX Nordic og dei to supercar-sjåførane i Team CircleX, som har køyrd alle RallyX Nordic-løpa i år, fekk ein god start.
Allereie i trening fredag, der det berre blei notert beste rundetid, viste Jarle at han har god kontroll på banen på Grenland, og noterte nest beste rundetid av alle.
Første heat blei ok, med 5. tid til Frode og 6. tid til Jarle. I andre heat mista Jarle det eine hjulet og måtte (naturlegvis) bryta.
– Eg gjekk i klinsj med Jenssen i første sving og fekk det tilbake i neste sving, og då forsvann det eine bakhjulet. I tredje omgang var eg heldigvis tilbake, og med 8. tid klarte eg akkurat å ta 12. og siste semifinaleplass.
På 4. plass etter frekk sving
12 av 17 deltakarar gjekk til to semifinalar med 6 bilar i kvar. Lagkameratane Frode og Jarle hamna i same semifinale.
SVT1 sendte direkte frå finaledagen.
Sjå semifinalen 38:30 ut i denne videoen på SVTplay (viser òg alle omgangane og finalen).
– Eg fekk ein grei start, men sleit å få inn andre gir. I første sving klarte eg å ta ein frekk ein på innsida og låg bra an resten av løpet.
Holte var tidleg med å ta den alternative ruta, Nytræ tok den noko seinare. Då begge hadde køyrd denne låg dei på 3. og 4. plass.
– Eg heldt følgje med Frode og kunne nok prøvd meg på ei forbikøyring, men vi er same team og då kunne eg fort ha øydelagt for oss begge.
Holte tok 3. plass og gjekk til finale, der han landa på 4. plass av 6 bilar, Nytræ måtte nøya seg med 4. plass i semifinalen.
– Denne gong var det tørr bane og høg fart, eg er meir nøgd med finalen enn løpet i juli, der eg tok 2. plass. Der var det fleire som køyrde ut eller fekk andre problem, her var det ærleg fight og mykje god køyring av fleire.
Samanlagt 3. plass
Holte hamna på samanlagt 5. plass, Nytræ på 9. plass. Svenske Kevin Eriksson tok førsteplassen.
Sjå komplett resultatliste på rallyx.se.
Dei som kjempa om pengepremie samanlagt var dei som var førehandspåmeldte, ikkje dei som deltok løp for løp.
To av dei som var framfor Frode Holte samanlagt var ikkje blant dei som konkurrerte om pengepremie, dermed blei Frode Holte, i denne samanhengen, rangert som nummer 3 og fekk 50.000.
Vedlikehald og sponsorjakt
Interessa for motorsport er aukande og CircleX hadde ein buss med supportarar og sponsorar med seg.
– Holte har vore lenge i gamet og det kom ein spesielt stor gjeng frå Mandal for å oppleva finaledagen.
– Dei neste månadane går med til vedlikehald på bilane og til å invitera ulike verksemder med som sponsorar. Til no har eg berre hatt nokre mindre sponsorar og finansiert min del av teamet sjølv, til neste sesong ønskjer eg å gjera det meir profesjonelt.
– Når eg ser korleis fleire andre team får det til, med supportarar og sponsorar som tar seg ein firmatur for å sjå på løp, og bruker sponsorobjekta aktivt inn mot messer og arrangement, trur eg det kan vera ein marknad for å få inn gode støttespelarar og samarbeidspartnarar også her på Vestlandet.
Midtsiden samleside: Motorsport